nyhende
På laurdag byrjar det
Kampen for veljarar i lokalvalet opnar offisielt på laurdag. Då står opp til 11 parti klare til å jobba for di røyst.
Laurdag formiddag kjem torget i Sveio til å verte prega av flagg, logoar og politikarar. Då opnar valkampen offisielt, sjølv om nokre parti allereie har vore synleg og reklamert for sakene sine.
Nye alternativ på røystesetelen
I år finn ein 11 parti som stiller til val i kommunen, blant dei tre heilt nye i Sveio.
Det nasjonale partiet Liberalistane, det lokale initiativet Tverrpolitisk Fellesliste, og ikkje minst Industri- og næringspartiet.
Sistnemde har fått mykje merksemd dei siste månadane. Det skuldast at dei er eit veldig nytt parti, og har hatt ein aukande popularitet.
Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) vert leia av Asle Georg Halleraker, ein kommunestyrerepresentant som tidlegare tilhøyrde Arbeiderpartiet.
Han melde seg ut i protest etter lærarstreiken vart stoppa av to statrådar tilhøyrande same parti.
På TvF si tredjeplass finn ein sitjande kommunestyrerepresentant John Anders Semb (Uavhengig, tidlegare Ap), og på syttandeplass sitjande kommunestyrerepresentant Stian Nygård (Uavhengig, valt inn for Høgre).
Liberalistane vert leia av Jon Bernhard Tollaksen Mølstre, en ung sveibu som bestemte seg for å stilla til val før han vart myndig.
Stor utskifting
Totalt skal 25 representantar veljast inn til kommunestyret i Sveio. Av desse er det eit fleirtal på 15 stykk som stiller til attval.
Blant dei som forlet politikken finn ein Gustav Eidsvåg (FrP). Han har sete i seks periodar i kommunestyret og gjev seg med god samvit.
Då han vart valt inn første gongen var det eit anna tusenår, understreka han i eit tidlegare intervju.
– Kvifor stiller du ikkje til attval?
– Andre kan få sleppa til, ungdommar til dømes, sa Eidsvåg i oktober i fjor.
Stian Nygård (Uavhengig) og Ole Johan Sveen (Uavhengig) har tidlegare sagt at dei ikkje tek attval.
Nygård og Sveen er likevel å finna på lista til TvF, riktig nok på syttande og trettande plass. Partiet må få valt inn minst 13 representantar for at Sveen skal kome inn att i kommunestyret.
God rekruttering
Fleire har teke til ord for betre rekruttering til politikken. Listene som har kome inn viser at dei etablerte partia har også fått med seg mange.
Størst er Høgre med 24 namn på lista, men også KrF, Sp, Ap og Frp har alle godt over 15 kandidatar kvar.
Både MDG og SV har kvar sin representant i kommunestyret, Ole-Ørjan Hov og Kristina Våge Ballard.
Begge partia har skifta sin førstekandidatar til Kjartan Moe Hustvedt (MDG) og Olav Østebø Olsen (SV).
Eit parti som ikkje har nokon inne i kommunestyret er Venstre. Dei har ei liste med ni personar kor førstekandidat Ruth Vihovde Strand håpar å representera dei som representant i komande periode.
MERKNAD:
Ei tidlegare utgåve av artikkelen skriv at Stian Nygård og Ole Johan Sveen ikkje tek attval. Dette er feil, dei stiller begge til attval likevel for TvF.