nyhende

strikkekonkurranse - 1

På jakt etter genser til Friluftslivets år

Er du glad i å strikka? Då har Norsk Friluftsliv ei utfordring til deg.

Publisert Sist oppdatert

2025 er Friluftslivets år, og det blir ei landsdekkande markering for å feira alt friluftslivet har å by på. No er alle strikkeglade inviterte til å nominera sitt design til ein Friluftslivets år-genser.

Motivet kan for eksempel vera relatert til tur, natur, eller uteaktiviteter på land eller vatn. Hent gjerne inspirasjon frå fargepaletten til Friluftslivets år. Vinnaren får 20.000 kroner og æra av å sjå designet sitt bli spreidd over det ganske land.

Synleg symbol

– Friluftslivets år handlar om å finna si glede ved å vera ute i naturen. Ein strikkegenser kan være eit synleg symbol på mykje av det Friluftslivets år representerer; varme, fellesskap og mangfald, seier Marte Bøhm Nordahl, prosjektleder for Friluftslivets år i ei pressemelding.

Siste frist for å senda inn ditt design er 7. oktober. Deretter vel ein jury ut eit lite knippe finalistar som skal stemmast over i sosiale medier. Vinnaren blir annonsert 1. november.

Retningslinjer

  • Motivet skal relaterast til friluftsliv, tur, natur eller uteaktivitetar på land eller vatn.
  • Motivet skal ikkje innehalde logo eller tekst.
  • Genseren må minst kunna strikkast i storleiken S-XL, altså må det vera oppskrift til fleire storleikar.
  • Send bilde, og gjerne video, av din genser framme og bak, samt strikkeoppskrift til strikk@norskfriluftsliv.no innan 7.oktober.
  • Oppgi fullt namn, adresse og telefonnummer.
  • Norsk Friluftsliv har rett til å distribuere strikkeoppskrifta vidare og har eigarskap til vinnaroppskrifta. Premiepengane er fullt og endeleg oppgjer for bruk av vinnande design.
  • Norsk Friluftsliv har rett til åoffentleggjerabildene i samband med omtale av konkurransen, samtbrukabildenei Norsk Friluftsliv sine eigne kommunikasjonskanalar og til presseomtale av Norsk Friluftsliv.
  • Vinnaren er sjølv ansvarlegfor å betala eventuell skatt av premien.
  • Tenk på miljøet – vel naturvenleg garn.
  • Oppskrifta må vera tydeleg og forståeleg slik at den lett kan følgjast av andre.

Norsk Friluftsliv er fellesorganisasjonen for dei 18 store frivillige friluftslivsorganisasjonene, og arrangerer Friluftslivets år kvart 10. år med støtte frå Klima- og miljødepartementet. Målet med året er å visa fram spennet i friluftslivet og senka terskelen for å delta.

Powered by Labrador CMS