nyhende

Glade for kompensasjon 45 år etter Alexander Kielland-ulukka:

Mista mann og far: Rakel Øyerhamn og barna hennar har klart seg bra trass i det sviande tapet då Harald Øyerhamn mista livet i Kielland-ulukka. Her er dei samla i jula 2024. F.v. Edvart Severin, Anne Helene, Magny Elin og Signe Berit. Dei fire søskena er oppstilte etter alder, Edvart Severin er yngst.
Mista mann og far: Rakel Øyerhamn og barna hennar har klart seg bra trass i det sviande tapet då Harald Øyerhamn mista livet i Kielland-ulukka. Her er dei samla i jula 2024. F.v. Edvart Severin, Anne Helene, Magny Elin og Signe Berit. Dei fire søskena er oppstilte etter alder, Edvart Severin er yngst.

– På høg tid at staten tok ansvar

– Kjempebra, seier Rakel Øyerhamn på Tjernagel etter at Stortinget torsdag sa ja til erstatning for overlevande og etterlatne etter Alexander Kielland-ulukka.

Publisert Sist oppdatert

– Og det var på høg tid, legg Øyerhamn til.

Om ikkje vedtaket hadde kome no, var Kielland-nettverket innstilt på å gå til rettssak mot staten for å oppnå kompensasjon, minner ho om.

Fire sveibuar omkom

Mannen hennar, Harald Øyerhamn (35) var ein av dei 123 som mista livet då «Alexander Kielland» havarerte 27. mars 1980. I alt var fire av dei som omkom, busette i Sveio. I tillegg til Harald Øyerhamn var det Arne Lie (28), Ernst Hedman (34) og Otto Johannessen (45). Firebarnsmora Rakel Øyerhamn var 28 år den gongen.

–  Heldigvis hadde eg eit godt nettverk rundt meg. Mor og søsken var til stor hjelp. Det same var mange andre. Ikkje minst vil eg framheva dei tilsette i barnehagen og skulen. Eg må også ta med dei eg spelte saman med i Bømmelfjorden Blæseensemble. Dei stilte opp på mange måtar, også med praktisk hjelp. Det var også til hjelp å koma på jobb og møta kollegaene i Posten, der eg var vikar på den tida. Difor kom eg gjennom denne vanskelege perioden utan alvorlege skader. Det har gått greit med barna også, seier  ho når ho ser tilbake på de 45 åra som har gått sidan den største ulykka i norsk industrihistorie.

– Dårleg behandla

Øyerhamn trur stortingsvedtaket om kompensasjon har aller mest å seia for dei som overlevde ulukka.

– På nettverksamlingar i Kielland-nettverket har eg høyrt mange av dei fortelja kor dårleg dei har blitt behandla av styresmaktene. Det gjer meg sint og fortvila å høyra slikt, seier Øyerhamn.

Storleiken på kompensasjonen er enno ikkje avgjort. Øyerhamn fryktar at det vil gå lang tid før dette blir avklart også. Det viktigaste er likevel sjølve vedtaket som slår fast at staten tar på seg ansvaret for ulukka, meiner ho.

Eit djupt skår i gleda er det likevel at vedtaket i Stortinget blei gjort med svært knapp margin, 53 mot 51 stemmer.

– Skuffa over Ap og Høgre

– Eg synest det var svært dårleg gjort av Arbeidarpartiet og Høgre å stemma imot. Ap sat med regjeringsmakt då ulukka skjedde, og Høgre var heller ikkje langt unna makta seier Øyerhamn.

(Odvar Nordli (Ap) var statsminister då ulukka skjedde. Han blei etterfølgd av Gro Harlem Brundtland (Ap), men etter valet i 1981 overtok Kåre Willoch (H) som statsminister. Red. mrk.)

I åra etter ulukka har Øyerhamn hatt kontakt med både overlevande og andre pårørande gjennom Kielland-nettverket. Lokalt i Sveio hadde ho litt kontakt med Ingeborg Johannesen, særleg den første tida. Johannessen mista også mannen sin i ulukka.

Powered by Labrador CMS