nyhende

Peter Jepsen i Catering Spesialisten ynskjer å koma i gang med drifta så fort som mogleg. — Gleder meg som eit barn. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Peter Jepsen i Catering Spesialisten ynskjer å koma i gang med drifta så fort som mogleg. — Gleder meg som eit barn.

Overtek drifta av Kaien AS: — Gleder meg som eit barn

Den danske kokken Peter Jepsen har store planar for den velkjende restauranten Kaien AS i Førde.

Publisert Sist oppdatert

I 1995 etablerte Jepsen verksemda Catering Spesialisten, som sidan oppstartsåret har halde til i Haugesund.

Nyleg overtok Catering Spesialisten drifta av Kaien AS, noko som inneber at Jepsen utvidar nedslagsfeltet sitt. Verksemda hans vert dermed å finna i Førde òg.

Peter Jepsen i Catering Spesialisten. Her utanfor Kaien AS i Førde.

Alt frå A til Å

Jepsen fortel at sveibuane har noko å sjå fram til. I laupet av påska startar han nemleg opp med sundagsbuffé, noko han planlegg å gjennomføra fram til sumaren.

Han vonar med det at selskapet hans vil skapa meir liv i området, i tillegg til gode smaksopplevingar.

God utsikt frå kaien. Når det vert varmare i vêret, kan ein sitja ute og nyta sundagsbufféen sin.

Men Kaien AS vil ikkje berre vera ein stad for nyting av kvalitetsmat. Jepsen ynskjer òg å gestalta eit sosialt samlingspunkt.

— Her vil det vera alt frå vinkveldar og quizar til konsertar og private arrangement. Ein kan til dømes leiga lokalet for feiring av bursdag, dåp, konfirmasjon og bryllaup. Lokalet vil òg kunna leigast i samband med gravferd, seier den optimistiske kokken.

Lokalet til Kaien AS er ljost og romsleg. Det skal vera plass til om lag 80 personar.

Ingen ferdigmat

For Jepsen er det avgjerande å servera kvalitetsmat til ein god pris. Han kan difor fortelja at kjøkenet ikkje stiler med ferdigmat.

— Me lagar alt frå botnen av. Det vert ikkje mykje Toro her for å seia det sånn, seier Jepsen humoristisk.

Kjøkenet er ikkje langt frå ferdig innreidd no. Om litt kan han dermed invitera lokale og forbipasserande til årets fyrste sundagsbuffé.

— Gleder du deg?

— Ja! Som eit barn! avsluttar Jepsen.

Powered by Labrador CMS