nyhende

Ny studie avslører utbreidd flåttsmitte hos hestar i Sør-Noreg. Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK
Ny studie avslører utbreidd flåttsmitte hos hestar i Sør-Noreg.

Overraskande funn av TBE-virus hos hestar i Vestland

Ein ny studie avdekkjer overraskande høg førekomst av flåttsmitte blant hestar i Sør-Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Undersøkinga, leia av doktorgradsstipendiat Hanne Kloster ved Universitetet i Agder, viser at 66 prosent av dei 331 undersøkte hestane hadde antistoff mot ein eller fleire flåttsjukdommar , skriv NRK.

– Det er nok mange fleire hestar som har vore utsette for flått enn det hesteeigarar er klar over, seier Kloster til NRK.

To av tre hestar i Sør-Noreg har hatt flåttsmitte.

Studien, som omfatta hestar i Agder, Telemark, Vestfold, Vestland og Viken, viste høge førekomstar i alle fylka. Agder hadde dei høgaste funna. Det blei funne antistoff mot TBE-virus i 10 prosent av blodprøvene frå Vestland, trass i at det ikkje er meldt om sjukdomstilfelle hos menneske i fylket.

– Funna våre kan tyde på at det er ein del smitte der sjølv om vi ikkje har fått påvist smitte hos menneske enno, seier Kloster.

Powered by Labrador CMS