nyhende

Noreg har éi tidssone, men sola står opp seinare i vest. Det gjer at skuleelevar i vest kan vere trøyttare dei første skuletimane enn skuleelevane i aust. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Noreg har éi tidssone, men sola står opp seinare i vest. Det gjer at skuleelevar i vest kan vere trøyttare dei første skuletimane enn skuleelevane i aust.

Overlege meiner skulebarn på Vestlandet burde ha seinare skuledag

Noreg har éi tidssone, men sola står opp 20 minutt seinare i vest. Overlege meiner det gir skulebarn på Vestlandet ein ulempe.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Overlege Tone Elise Gjøtterud Henriksen ved Valen sjukehus i Kvinnherad meiner barn på Vestlandet bør starte skuledagen seinare, skriv avisa Grenda.

– Eg tippar at i første time ser ungane ein god del trøyttare ut på Vestlandet enn på Austlandet. Det er jo urettferdig, seier Gjøtterud Henriksen til NRK.

– Det ville ført til at fleire kom seg på skulen. Fleire ville fått det betre og gjort det betre på skulen, mest sannsynleg.

Heile 85 prosent av 16-åringane søv for lite, viser ein studie gjort ved Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdomar i Helse Bergen.

Ein av forskarane bak er Ingvild West Saxvig ved Haukeland universitetssjukehus.

Ho er einig i at ungdomane i aust har ein liten fordel, men seier det er vanskeleg for alle, uansett kor dei bur i landet.

– Eg meiner at veldig mange i 16-17-årsalderen med fordel kunne ha byrja litt seinare på skulen. Ungdomar er biologisk innstilte til å vera B-menneske, og kan ha problem med å sovna tidleg nok.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS