nyhende

I ettermiddag og kveld har brannvesenet øvining i området ved Lyngholm. Foto: Susanne Lie Vallestad
I ettermiddag og kveld har brannvesenet øvining i området ved Lyngholm.

Øver på å sløkka lyngbrann

Ingen røyk utan eld, heiter det. Og frå 16.00-tida i dag blir det røyk å sjå i området ved Lyngholm.

Publisert Sist oppdatert

Det er Sveio og Førde brannvesen som skal øva på slokking av lyngbrann. 25-26 brannfolk vil vera i sving, og i tillegg kjem det nokre frå Haugesund brannvesen for observera.

– Me startar opp klokka 16.00, og eg reknar med øvinga er ferdig seinast klokka 20.00. Det er ikkje så stort lyngområde som skal brennast, men det vil bli ein del synleg røyk, seier øvingsansvarleg Torbjørn Larsen, som er både brannkonstabel og medlem i Haugaland lyngbrannreserve.

Powered by Labrador CMS