nyhende

Det er usemje om kva det betyr at stadig fleire norske bunader blir produserte i utlandet. Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK
Det er usemje om kva det betyr at stadig fleire norske bunader blir produserte i utlandet.

Over halvparten av norske bunader blir sydde i utlandet

Publisert Sist oppdatert

NPK: Langt over halvparten av norske bunader blir produserte i utlandet, seier Camilla Rossing, leiar i Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt.

Ho seier til NRK Vestland at tendensen dei siste 30 åra har vore at bunadsproduksjonen blir flagga ut til utlandet, enten heilt eller delvis. Det er også fleire som tek kontakt eit par år etter at dei har fått ein bunad produsert i utlandet, og som vil vite om det er noko gale med plagget.

– Det handlar om passform som ikkje er bra, og så er det detaljane for dei særeigne bunadene. Dei forsvinn i masseproduksjon, seier Rossing.

Ho fortel at masseproduserte bunader også kan justerast i butikk heime, men på færre detaljar enn med bunadene som blir sydde for hand frå topp til tå.

– Kundar veit ikkje heilt korleis det skal kjennast å ha eit plagg på droppen som er sydd for hand til eigen kropp, legg ho til.

Esben Thyrum er sals- og marknadsansvarleg i Norske Bunader, som sender delar av produksjonen sin til utlandet. Han forsikrar at dei kan gjere alle justeringar, bortsett frå om det er gjort ein feil jobb med bunaden frå starten av. Og det kan skje om bunaden er produsert i Noreg også, seier han.

Thyrum meiner det er uproblematisk for norsk handverkstradisjon å sende produksjon til utlandet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS