nyhende
Over 6.000 nye smitta – 3 er frå Sveio
Det er sett ein ny dyster smitterekord i Noreg. Over 6.000 personar er registrert smitt siste døgn.
Mage smitta i regionen
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.856 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.844, så trenden er stigande.
363 på sjukehus
Tysdag var 363 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var fem fleire enn dagen før. 11 er innlagde i Helse Fonna-området.
118 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 63 på respirator. Det er ni fleire på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt er 328.747 personar registrerte med positive koronatestar i Noreg sidan i fjor.
1.141 koronasmitta personar er døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Seks av ti døde er over 80 år gamle. Blant koronasmitta under 50 år er det meldt om 26 dødsfall.
(©NPK)