nyhende
Over 5,5 millionar i Noreg – sju færre sveibuar siste kvartal
I 2023 auka folketalet med 61.219 personar i Noreg, ifølgje SSB. Ukrainske flyktningar bidrog sterkt til veksten for andre året på rad.
Ved utgangen av fjoråret var talet på den norske befolkninga 5.550.200, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Folketalet auka med 61.219 gjennom året, noko som er ein svak nedgang frå året før. I 2022 auka folketalet med 63.700 personar, noko som var den høgaste befolkningsveksten på over ti år.
Nedgang i Sveio
Ukrainske flyktningar bidrog sterkt til veksten i folketalet i fjor, ifølgje SSB. Det samla talet innvandringar i fjor var 86.600, eit tal som berre har vore høgare i 2022. Av desse var 33.000 ukrainske statsborgarar.
Sveio har tatt imot 35 flyktningar både i 2022 og 2023. Dei aller fleste har kome frå Ukraina. Likevel er det nedgang i folkeveksten i kommunen.
I SSB sin kommunefakta er det framleis mest 2022-tal, men folketalet blei oppdatert i dag. Det viser at det ved utgangen av 4. kvartal i 2023 var 5.742 innbyggjarar i Sveio. Det er ein nedgang på sju personar siste kvartal i fjor.
Nest største gruppa
På to år har talet på ukrainske statsborgarar i Noreg auka frå 3.600 til 65.800.
– Dermed er ukrainarar den nest største gruppa utanlandske statsborgarar i landet. Til samanlikning er det 111.100 polske statsborgarar, medan 48.900 litauarar utgjer den tredje største gruppa, seier seniorrådgivar Magnus Haug i SSB.
13,7 prosent av ukrainarane bur i Oslo og Akershus, medan 15,4 prosent bur i dei tre nordnorske fylka. For resten av den norske befolkninga er talet 26,2 prosent i Oslo og Akershus og 8,7 prosent i Nord-Noreg.
– Dermed har ukrainarar også bidrege til ein stor folkevekst i Nord-Noreg, der ein auke i innvandring har gitt den høgaste folkeveksten sidan 1970 i Nordland, 1986 i Finnmark og 2016 i Troms, med dei fylkesgrensene som gjeld frå 1. januar 2024, skriv SSB.