nyhende

Mobilbruken i bil har halde seg på eit relativt stabilt nivå dei siste tre åra. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Mobilbruken i bil har halde seg på eit relativt stabilt nivå dei siste tre åra.

Over 4000 bøter for mobilbruk i trafikken

Dei første åtte månadene i år har utrykkingspolitiet bøtelagt over 4000 bilistar for mobilbruk. Politiet meiner likevel at høg bøtesats hjelper.

Publisert Sist oppdatert

Totalt fekk 4438 personar bot for mobilbruk i trafikken frå januar til og med august, noko som er 10 prosent meir enn året før, skriv P4.

– All åtferd som ikkje har konsentrasjon om bilkøyringa kan vera farleg, seier assisterande sjef i Utrykkingspolitiet, Roar Skjelbred Larsen, til kanalen.

Tala er betrakteleg lågare enn i 2020, då talet på bøter var på 11.401. Bøtene med ein bøtesats på 10.450 kroner bidrog dei første åtte månadene med 46 millionar kroner til statskassa, ifølgje P4.

– Vegkantundersøkingar me har gjennomført viser at det er ei lita forbetring i personbiltrafikken, men framleis ei utfordring for tungbilsjåførane, seier Larsen.

Powered by Labrador CMS