nyhende

Berre 40 til 50 hjarte hang att i Sveio, og sveibuene får mykje ros for gjevargleda si frå Guro Røher Eriksen (arkivfoto)
Berre 40 til 50 hjarte hang att i Sveio, og sveibuene får mykje ros for gjevargleda si frå Guro Røher Eriksen (arkivfoto)

Over 2.000 julegåvehjarte heng att

Kirkens Bymisjon har ikkje pengar til å kjøpa inn alle resterande gåver sjølv, og for første gong er det ikkje sikkert at alle ynskene vert oppfylte. – Me trur det skuldast den store auka i søknadar og økonomien til folk, seier Guro Røher Eriksen.

Publisert Sist oppdatert

Ho er litt andpusten når telefonen ringer. Det skuldast at ho har bore på ein sekk med gåver gjennom Oasen. Men eigentleg skulle ho ynskt at sekken var tyngre, for i år heng julegåveaksjonen etter samanlikna med åra før.

– Det går litt seint. Me har 2.000 hjarte som framleis ikkje er innfridd over heile Haugalandet, og av dei er fleire hundre ikkje hengt opp heller, fordi hjarta som allereie er på trea ikkje har vorte plukka, seier Guro Røher Eriksen, leiar for Kirkens Bymisjon og Frivilligsentralen i Sveio.

I fjor vart alle julegåvehjarta plukka ned i Sveio. I år heng det framleis mange igjen på treet i Sveio senter.

Kan kosta 1,2 millionar

Fristen var opphaveleg fredag den 15. desember, men no må dei truleg flytta den i håp om at siste runde med juleshopping blant folk kan føra til at fleire hjarte vert plukka og innfridde.

– Me må nok ha trea på Amanda og Oasen til og med søndag, så får me ta det som kjem inn. Så må me tilsette og frivillige springa rundt og shoppa det som står att, seier ho.

Julegåveaksjonen brukar å sørga for at alle som søker skal få gåve, men dei kan ikkje garantera at alle får det dei søkjer om.

– Når det har vore ein så stor auke i søknadar, vil det kosta oss om lag 1,2 millionar kroner å kjøpa inn gåvene som ikkje vert plukka. Det har me ikkje økonomi til, så det er ikkje sikkert at alle ynskjer vert oppfylte, seier ho og legg til:

– Og det vert første gong det skjer.

Tronge tider og stor auke i søknadar

– Har du noko teori om kvifor det er annleis i år?

– Både det at menga søknadar har auka så mykje, men og den generelle økonomien til folk. Eg trur det er ein kombinasjon, svarar ho.

Eriksen påpeikar at det var siste veka i fjor det kom inn flest gåver, og håpar at det same skjer no. Men samanlikna med året før er det framleis færre hjarte som har vorte plukka og oppfylte.

– Alle skal få gåver, men det er ikkje sikkert at alle får alle ynska sine oppfylte, avsluttar Eriksen

Powered by Labrador CMS