nyhende

Over 200 på Lego-fest i Førde

LegoFest 2022 vart ein stor suksess med enormt oppmøte. — Det gjekk over all forventning, seier ein av arrangørane, Malin Notland. Sjå kven som var med i saka under.

Publisert Sist oppdatert

— Me satt i forkant og var spente på om det kom til å kome folk, seier Malin Notland, ein av arrangørane av LegoFest 2022.

Det hadde dei ikkje trengt skulle det vise seg. For det var fleire Lego-lystne sveibuar, og andre, på veg til samfunnshuset i Førde sist laurdag.

— Det var folk frå Valevåg, Sveio, Auklandshamn og Haugesund som kom, seier Notland.

To tilhengarlass med Lego

— Kor mykje Lego hadde dykkar?

— Oi, sei det, det var to tilhengarar med esker med Lego. Me sat opp fem langbord, og det kom så mange at me måtte setje opp ein ny byggje-stasjon, altså eit nytt langbord, seier Notland.

Ho fortel at dei alle saman var svært nøgde. Dette var første året dei arrangerte hendinga og deltakinga var langt over all forventning.

— Når me telte var det 200 som kom. Og me fekk over 250 bidrag i konkurransane, seier Notland.

Dei heldt fem tevlingar og delte ut 10 lego-pokalar. Notland trekk fram særleg to ting som ho ynskjer å rose.

— Førde Bygdalag hadde ansvar for kafeen, noko som var veldig kjekt for oss. Då kunne me fokusere på Lego-bygging, og dei fekk bidrege og ein inntekt der i frå. Samstundes vart tevlingane våre sponsa av bedrifter frå nærområdet, seier ho.

Håper på gjentaking

Noko av det kjekkaste var at dagen blei slik dei hadde drøymd om.

— Det var både vaksne og små som byggja Lego, foreldre kunne byggja med barna sine, seier ho.

Dei sit igjen med ein god kjensle og vil gjerne halde noko slikt igjen.

— Eg håpar på gjentaking neste år, for det ble ein verkeleg suksess, seier Notland.

— Fekk du byggja noko Lego sjølv?

— Ja, eg fekk byggja mitt drøymebad. Men, eg kunne ikkje delta for mannen min var dommar, humrar ho.

Powered by Labrador CMS