nyhende
Oter åt opp alle fiskane i dammen
– Mormor! Det er i rotte i hagen! Slik byrja det som både blei ei spennande og trist oppleving for Torhild Opedal.
Ho og mannen bur på høgaste Haugane i Auklandshamn, og har hatt ein flott fiskedam i hagen i mange år.
– Der har eg åtte koi (karpeart) og gullfiskar som har vakse seg store og flotte. Særleg tre av dei største koiene er eg veldig stolt av, fortel Opedal.
Stor oter
Men tilbake til rotta. Det var det yngste barnebarnet på overnatting som oppdaga dyret.
– Nei, det må vera ei mus, svarte eg. Men ho ga seg ikkje og sa eg måtte koma og sjå.
Det var det eldste barnebarnet som med ein gong såg at det ikkje var ei rotte, men ein svær oter.
– Den var utruleg flott. Forsvann litt, men kom tilbake igjen og gjekk mot fiskedammen. Då skjøna eg at det var mat den var ute etter og sprang ut og jaga den vekk, fortel Opedal.
For seint
Då ho kom ned til dammen såg ho at det allereie var for seint.
– Null fiskar i dammen og berre nokre skjel og beinrestar igjen på kanten. Det er jo berre trist, men samstundes var det spennande å oppleva det flotte dyret på nært hald. Før eg oppdaga at den hadde ete alle fiskane, tenkte eg at den er så fin at eg kunne hatt den som husdyr.
Opedal undrar seg over korleis oteren har funne vegen til dammen.
– Me bur eit godt stykke frå sjøen, og det er verken elv eller bekk i nærleiken. Kanskje den har vore på vandring mellom Storavatnet og sjøen og tilfeldig kome forbi oss, seier ho.
Må sikra dammen
Har oteren funne mat ein gong, er det rimeleg stor sjanse for at den kjem tilbake for å sjekka om det er meir fisk å henta.
– Kjem du til å setta ut koi og gullfisk igjen?
– Eg vil jo veldig gjerne det. Men først må me finna ut korleis me skal klara å hindra oteren i å ta dei. Me har hatt ein rigg med sen over dammen for å halda måsane vekke, men det må nok til heilt andre saker til for å stoppa oteren.
– Reine dyreparken
Sjølv om fiskane forsvann, gler ho seg over naturopplevinga. Og på toppen av Haugane er det mykje fugle- og dyreliv.
– Det er reine dyreparken her til tider. Me har hatt ei rå med to kalvar som stadig kjem på besøk. Under det ein treet i hagen var det mykje sopp, og det likte dei godt. Ein røyskatt heldt til i ein steinmur, og mår har me også hatt besøk av. Det er også mykje fugl her, fortel den tidlegare rektoren ved Auklandshamn skule.
Dei har store vindauge ut mot hagen, og der sit Opedal rett som det er.
– Å ta med seg ein kopp kaffi, setta seg framfor vindauga og sjå på fuglane er ein veldig god start på dagen, smiler ho.