nyhende
Her har folk flest drikkevatn medbrakt:
Ordna med vassleidning sjølve
Då det blei for kostbart for kommunen å ordna med kommunalt vatn, fann initiativrike hyttebebuarar ei ny løysing. No skal det innan kort tid komma kommunalt vatn til Flatnes.
Flatnes er ein idyllisk stad for mange. Hytter pregar området, men dei fleste som har fritidsbustad her, må ta med seg drikkevatn når dei skal på landet. Storparten har borehol, men vatnet er av gjennomgåande dårleg kvalitet, og består av mykje hummus og jern. Fleire har hatt store utlegg med å få reinsa vatnet, utan hell.
– Det går an å koka, men dei fleste tar med seg drikkevatn på kanner, eller kjøper flasker med vatn før dei kjem, seier John Svendsen, som har vore mykje på Flatnes sidan starten på 1950-talet. Dei siste 20 åra har han fylt opp kanner med vatn før han har køyrt frå Haugesund.
Kontakta kommunen
I 2016 blei Svendsen kjend med at Sveio kommune i ein langtidsplan såg føre seg å leggja vatn langs Flatnesvegen innan 2020. Haugesundaren høyrte innom kommunen fleire gonger i tida som kom, og fekk på oppfordring i 2018 laga til ei interesseliste over dei som kunne tenkja seg kommunalt vatn.
Både fastbuande og hyttefolk skreiv seg opp på lista, 43 i talet. Men då det kom til stykket på tampen av 2019, blei prosjektet som ville kosta mellom 7 og 9 millionar kroner, for kostbart.
I eigne hender
Sjølv om politikarane sa nei, gav ikkje hyttefolka seg med det. Tidleg i 2020 slo fleire hovud seg saman for å laga ei løysing, med utgangspunkt i den same vassleidningen på Våga.
– Det var ein idé om å leggja leidningen i sjøen frå Våga. Me fekk kontakt med Atle Thuestad i Rørlegger Thuestad, som har prosjektert og planlagt i lag med oss i prosjektgruppa. Han har vore heilt fantastisk, rosar Svendsen, som har jobba i lag med hyttenaboane Johannes Flatnes, Oddmund Flatnes, Kai Peder Birkeland og Geir Magne Kvinnesland for å få prosjektet i hamn.
Sjølv om ein kan seia at kommunen fekk ei gåvepakke frå initiativtakarane, var det litt fram og tilbake, men etter eit møte med rådmannen gjekk det på skinner.
12. april vedtok kommunestyret prosjektet, som vil kosta kommunen 1,3 millionar kroner.
Lurt å bli med no
Hyttefolka og dei nokre fastbuande som også er kandidatar for å få reint og friskt vatn, tar rekninga for prosjekteringa sjølve. 35 000 kroner per punkt er det til no, fordelt på over 40 einingar. Då er ikkje tilkoplingsavgifta på 20 000 kroner eks. mva. inkludert.
– Om fleire vil vera med no, blir kostnaden lågare. Er det fleire som vil kopla seg på, bør me få vita det innan 12. mai, seier Svendsen.
Det vil nemleg vera mindre kostbart å bestilla seg eit punkt på vassleidningen nå, enn å venta til seinare.
Eventuell graving for å få leidning og fordelingspunkt lengre opp i terrenget, og andre kostnadar må kvar enkelt ta på seg.
– Når kjem vatnet?
– Ein kan ikkje seia noko sikkert, men eg håpar før fellesferien, seier Svendsen.