nyhende

Forhandlingsleiarane, frå venstre Per Wathne (KrF), Rune Teikari (FrP), John Kristian Økland (H) og Ole Velde (Sp).
Forhandlingsleiarane, frå venstre Per Wathne (KrF), Rune Teikari (FrP), John Kristian Økland (H) og Ole Velde (Sp).

Ordknappe om komande plattform

Den nye politiske leiinga i Sveio jobbar framleis med å spikra si felles politiske plattform og vil ikkje seia mykje. – Noko er jo kjend, seier varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp)

Publisert Sist oppdatert

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet gjekk saman om å danna ny posisjon i kommunestyret, altså dei som skal styra dei neste fire åra. Sidan då har arbeidet med forhandlingar om felles politisk plattform vore undervegs.

Etter det første kommunestyremøtet med ny leiing forsøkte Vestavind å få noko informasjon ut av posisjonen. Då var dei ordknappe alle saman.

Skule og eigedomsskatt

John Kristian Økland (H) vil ikkje seia mykje om kva dei er samde om, eller usamde om.

– Me held på å jobba med det, og det vil framleis vera ei stund til det er klart, sa han då.

Økland understreka at det kan vera snakk om nokre veker til, men at dei er på god veg.

Tidlegare og noverande varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen er ikkje Framstegspartiet sin forhandlar, men svara likevel på spørsmål om plattform.

– Noko er jo kjend frå før, til dømes at skulestrukturen ikkje skal endrast, og at eigedomsskatt ikkje skal innførast att, sa ho etter møtet.

Meir ville ho ikkje seia.

Arbeidet held fram

Kristeleg Folkeparti sin mest erfarne representant Jarle Jacobsen er ikkje ansvarleg for forhandlingane deira og uttala seg ikkje om det. Han spekulerte derimot at han mogelegvis ville setja ein ny runde med fokus på vegane. Det gjorde han med relativt god suksess under valkampen, då fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vart med på motorsykkeltur rundt om i Sveio.

Måndag 9. oktober stadfestar ordførar André Mundal Haukås at arbeidet held fram og viser til Økland (H) for spørsmål.

Posisjonen har så langt ikkje fortalt kor dei skal presentera sin felles politiske plattform, og om det til dømes vert på eit politisk møte i kommunen.

Neste politiske møte for leiinga er det nye formannskapet er 23. oktober, og kommunestyremøtet er 6. november.

Powered by Labrador CMS