nyhende
Ordføraren vil treffe deg
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) i Sveio ønskjer ein tettare dialog med innbyggarane i kommunen. Difor vil ho invitere til ein uformell prat på ein ny «ordførarbenk» på biblioteket.
Ein «ordførarbenk» er noko fleire av Linn Therese sine kollegaer rundt om i kongeriket har etablert.
Det er i praksis snakk om eit uformelt møtepunkt, kor folk får høve til å ta ein prat med ordføraren, om stort og smått dei har på hjartet. Og det utan at dei har avtalt tid på førehand.
— Dette er noko eg har tenkt på ei stund, men koronapandemien sette diverre ein effektiv stoppar for slike møteplassar, seier ho.
Me no er dei fleste smitteverntiltaka historie, og då har ho sett at det er opning for å gjennomføre ideen.
— No er tida inne, seier ho.
Open dialog
Erve seier at ho ønskjer å ha ein open dialog med innbyggarane, og at ho håpar å få innspel frå om kva dei folkevalde bør setje fokus på.
Ordførarbenken i Sveio blir i første omgang inne på biblioteket på Vigdartun.
— Det er litt varmare der enn det kan vere å sitte ute på ein benk, seier ho.
Men ho utelét ikkje at det kan bli aktuelt å ta praten med folk utandørs, til dømes i parken framfor kommunehuset når det blir varmare i vêret.
Ho legg til at på sikt kan det vere aktuelt å etablere liknande møtepunkt i andre bygder i kommunen.
Ho seier at ho er vant med at folk tar kontakt med ho når ho er ute på farten, men at det ikkje er så mange som kjem med konkrete forslag.
— Det er mest innspel til saker som allereie er oppe til behandling i det politiske systemet, seier ho.
Ho håpar ein uformell prat på ein benk kan gi innspel og grobunn for nye forslag og tankar, og vere noko som bidreg til ein tettare dialog med innbyggarane.
— Eg brenn for Sveio, og eg er folkevald fordi eg vil jobbe vidare for utvikling av heile kommunen, seier ho.
— Ein flott møteplass
Ho synes biblioteket er godt eigna til føremålet.
— Biblioteket er ein flott møteplass med ein fin atmosfære, og ein plass eg håpar enno fleire av innbyggarane i kommunen vil ta i bruk, seier ho.
Først høve til eit treff i «ordførarbenken» på biblioteket blir måndag 2. mai. Elles er det datoane 20. juni, 20. august, 3. oktober og 21. november. Ordføraren har sett av éin time frå klokka 17 på alle datoane.