nyhende
Ordføraren: – to store jubileum i år
Ordførar André Mundal Haukås (H) snakka varmt om mykje i sin første 17 mai-tale, og nemnde at 2024 er eit stort år for både Sveio og Noreg.
– Det er eit av våre viktigaste dokument, seier ordførar Andrè Mundal Haukås (H) om Grunnloven.
Føre nokre hundre sveibuar utanfor omsorgssenteret står han i ein varm bunad, og heldigvis i motvind.
– Det er no 210 år sidan Grunnloven vart skriven under på, legg han til.
«Diamantbryllaup»
Men, det er ikkje berre Noreg som har eit jubileum i 2024, fortel ordføraren til publikum.
– Det er nemleg 60 år sidan Valestrand, Vikebygd og Sveio vart ein kommune. Det er som eit diamantbryllaup, seier Haukås.
17. mai-toget i Sveiobygda har sitt faste stopp på grusplassen føre omsorgssenteret. Denne gongen var det strålande sol, og bebuarar i nærleiken hadde balkongutsikt til hendinga. Haukås tala varmt om kva han synest gjer Noreg så fint, kort sagt fridom.
– I Noreg er ein fri til å meine kva ein vil, tru på kva ein vil, røyste kva ein vil og elska kven ein vil, seier Haukås.
Rosar dei frivillige
Samstundes nyter energifulle born mogelegheita til å klatra litt på nokre rundballar, medan ei mor tek i mot ein liten gut som er ferdig og vil ned frå høgda. Haukå går vidare frå å snakka om dei overståande verdiane i Noreg, til meir konkrete kvardagsting ein kan vera stolte over.
– Eg vil gje ros til alle dei tilsette som jobbar i kommunen enten det er kvardag, fridag eller helg, for at me har eit godt helsetilbod og beredskap. Ikkje minst alle dei frivillige som står på. Foreldre som sel pølser, besteforeldre som bakar og alle som gjer noko for fellesskapet. Takk til alle frivillige, avsluttar ordføraren, og legg til at dei fortener så mykje is dei berre klarar å eta.
Etter talen får Vestavind ein kjapp kommentar frå Haukås.
– Korleis var det å halde 17. mai-tale for første gong?
– Det var stas, svarar han.
– Korleis går det i varmen med bunad?
– Eg er glad for at det er litt vind, humrar han.
Så går toget tilbake til Vigdartun, kor det vert leikar, mat og feiring.
– Etterpå skal eg til Bua, og så gudsteneste, seier Haukås.
– Vert det ein is?
– Ja, skal få til ein is, svarar han.