nyhende
Ordføraren diska opp: — Eg var lei av at folk kjem hit svoltne.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) liker ikkje å sjå at fleire representantar kjem svoltne til møtet. Difor tok ho nåndag på seg både ordførarkjeda og kokkelue, og serverte mat til heile kommunestyret.
— Det er betasuppe, og eg har kjøpt inn frukt også, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
På måndagens kommunestyremøte var det ein stor gryte å sjå, ved sidan av det vanlege bordet med kaffi, vatn og kjeks.
Lei av å sjå svoltne politikarar
— Eg var lei av at folk kjem hit svoltne, så då kan dei forsyne seg her, seier Erve.
Annonse
Grunna tidspunkt for kommunestyremøte har det tidlegare vore drøfta at det er for tidleg, og kjem i konflikt med mogelegheit for middag for mange representantar.
Forsynte seg fleire gonger
Husmannskosten som Erve byd på er gjort med økonomien i tanke.
— Det kosta om lag 270 kroner for mat til alle saman, så det er kostnadsbesparande og sunt, seier ho.
Annonse
Fleire representantar vart observert ved gryta, og nokre forsyna seg fleire gonger.