nyhende
Ordføraren: — Det er først og fremst synd for partiet
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) seier at ho respekterer valet Asle Georg Halleraker og Torgeir Katla har tatt ved å melde seg ut av Arbeidarpartiet. — Eg ser fram til eit vidare godt samarbeid med dei to, seier Erve.
— Det er først og fremst synd for partiet. Sveio Ap mistar to gode ressurspersonar, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Asle Georg Halleraker og Torgeir Katla har som kjent meldt seg ut av Arbeidarpartiet, i protest mot bruk av tvungen lønnsnemnd.
Dei skriv begge at utmeldinga er retta mot regjeringa, og at dei vil følgje det politiske programmet dei vart valde på.
Det er ordføraren glad for.
— Me har hatt eit godt samarbeid i kommunestyregruppa, og eg ser fram til eit vidare godt samarbeid med dei to, seier ho.
Ikkje grunn for å velje nytt utval
Asle Georg Halleraker er framleis leiar i Hovudutvalet for oppvekst og kultur, sjølv om han har meldt seg ut av partiet han vart vald inn med.
Måndag ettermiddag er det eit nytt møte, og Halleraker seier til Vestavind at han skal stille som vanleg.
Ordføraren seier Halleraker har gjort ein god jobb som leiar for hovudutvalet.
— Eg kan ikkje sjå at me har noko grunnlag for å endre på det. Me samarbeider godt, seier Erve.
Om nokon i kommunestyret skulle ynskje å endre på det må Halleraker trekkje seg, noko han til Vestavind seier han ikkje har nokon plan om.
— Eg har ikkje motteke noko signal om at mine kolleger i kommunestyret ynskjer å gjennomføre eit nyval i hovudutvalet. Så lenge eg ikkje får det, så gjer eg jobben min som før, seier Halleraker.
Fire uavhengige
Talet på uavhengige representantar i Sveio kommunestyre har med dei to siste utmeldingane dobla seg.
Frå før er Ole Johan Sveen og Stian Nygård uavhengige, noko dei har vore heilt sidan dei to melde seg ut av Høgre berre nokre få dagar etter kommunevalet i 2019. Den gongen var dei med på å sikre fleirtal for Ap og Frp, som dermed fekk høvesvis ordførar og varaordførar. Dette etter at det først låg an til at Senterpartiet og Høgre skulle få dei to postane i kommunestyret.
Så lenge Halleraker og Katla vil støtte Sveio Ap sit program, er det ingen ting som tyder på eit skifte i det praktiske maktlandskapet i Sveio med dei to siste utmeldingane.