nyhende
Ordførar om Pride: – Fint at me kan gå samla
Ordførar André Mundal Haukås (H) presenterte for formannskapet eit Sveio-banner til Pride-paraden. Interesserte sveibuar kan no gå saman. – Me er ein inkluderande, god og raus kommune, seier Haukås.
Laurdag 15. juni skal det haldast Pride-parade i Haugesund, kor dei skal feira kjærleik og mangfald med fokus på LGBT-miljøet. Datoen for Stord sitt arrangement er ikkje sett enno, men i år vert det eit nytt banner i begge tog. Sveio får nemleg sitt eige, og dette vart presentert måndag under formannskapsmøtet.
– Eg opplever Sveio som ein open, god og raus kommune. Dette vert ein folkefest, så me håpar innbyggarar, tilsette i kommunen og folkevalde vert med. Det er ein flott måte å markera mangfald og kjærleik, seier ordførar André Mundal Haukås (H).
Fekk ideen i toget
Ordføraren var ein av dei som viste fram Sveio sitt eige Pride-banner for formannskapet. Der er kommunevåpenet avbilda på ein regnboge, saman med teksten «Stolte sveibuar går for kjærleik og mangfald!».
– Kven sin idé var banneret?
– Min, svarar han, og understrekar samstundes at han har fått hjelp til å laga det.
Haukås fortel at han har vore med i paraden i Haugesund mange gonger, og fekk ideen til Sveio-banner der.
– Då er det alltid mange organisasjonar og politiske parti representerte. Eg har høyrt om nokon som føler dei ikkje finn sin plass der, så då er det fint at me som samla kommune kan gå der og stilla opp for dei som vil gå med oss, fortel ordføraren.
Aldri vore eit problem
Tidlegare har han gått i delen av toget som er ope for alle, eller bak Høgre sitt banner.
– Kva betyr Pride for deg?
– Det er ein synleg feiring av mangfald, og at ein skal få vera glad i den ein vil, seier Haukås og legg til:
– Ofte vert det oppfatta at det er vanskelegare å vera skeiv i distriktskommunar. For mitt vedkomande har det å vera skeiv i Sveio aldri opplevst som vanskeleg. Mitt inntrykk er heilt klart at Sveio er ein raus og god kommune, der me vil kvarandre vel. Dette er god kvalitetar som me stolt kan visa fram, seier han.
Når Haukås får spørsmål om han har nokre tradisjonar knytta til feiringa humrar han litt, fordi han kjem på ei som gler seg enda meir enn han.
– Nei. Det er jo alltid lov å pynta seg litt ekstra. Men eg har ei veslesyster som synest dette er årets største festdag kor ein får ta på seg masse glitter og gå i eit fargerikt tog, avsluttar han.