nyhende

André Mundal HaukåsPrideSveio kommuneHøgre
Ordførar André Mundal Haukås (H) fekk eit kritisk brev frå ein sveibu grunna at Sveio skal ha eiget banner i Pride-paraden i Haugesund i juni.

Ordførar fekk kritisk brev om Pride: – Ikkje for seint å snu

Eit anonymt brev til André Mundal Haukås (H) både som ordførar og privatperson kritiserer Sveio sin deltaking i Pride-paraden. Ordføraren meiner usemje er greit, og at dei som ikkje vil ikkje treng å koma: – Verre er det ikkje, seier Haukås.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg låg eit anonymt brev i posthylla til ordførar André Mundal Haukås (H). Det var meint for han, både i hans politiske rolle og som privatperson, og inneheldt mykje kritikk av avgjersla om at Sveio skal ha eiget banner i Pride-paraden i Haugesund 15. juni.

– Kva tenkte du då du fekk det i posten?

– Eg var ganske førebudd på at det ville skapa reaksjonar når ein går inn for å vera med på ei pridemarkering for første gong i kommunen. Så det var ikkje heilt uventa, svarar han.

Frivillig arrangement

– Trur du det er ekte?

– Ja, eg tenkjer det er nokon som har sendt det, og at det er deira meiningar som kjem fram. Dette er ein del av ytringsfridomen, og den skal me hegna godt om, svarar ordføraren.

– Kva er den konkrete kritikken i brevet?

– Slik eg les det at ein går med banner for Sveio kommune i Pride-paraden, svarar han.

Brevet, som no ligg i postlista til kommunen, kjem med fleire oppmodingar og metaforar om at det å ha Sveio representert i paraden vil vera å leia utfor eit stup. Mellom anna hevdar brevskrivaren at det er mange andre som også er kritisk til Pride-deltaking, men ikkje tør å heva stemma sin. Haukås meiner det i så fall er synd at fleire ikkje tør å gje beskjed, samstundes som det er synd at dei tenkjer Pride ikkje er noko ein bør vera med på.

– Det viktige her er at dette ikkje er eit arrangement me pålegg dei nesten 6.000 sveibuane, men er ei heilt frivillig markering, seier ordføraren og legg til:

– Dersom ein ikkje ynskjer å markera Pride har eg full respekt for dei som held seg heime. Verre er det i grunn ikkje, seier Haukås.

Kritikk på feil grunnlag

Kommunen kjem ikkje til å gjera noko vidare sak ut av det, sidan det korkje var trugande eller krenkjande. Sjølve kritikken i brevet er på feil grunnlag, ifølgje ordføraren.

Tok du ei avgjersle på vegner av alle andre?

– Å delta i Pride-markeringa er ikkje ei avgjerd ein kan ta åleine, seier Haukås, og viser til at det var teken opp i formannskapet i Sveio kommune i forkant for å sikra seg brei politisk forankring for avgjersla.

Brevet og forfattaren understrekar mellom anna at han eller ho ikkje har noko mot Haukås korkje som privatperson, ordførar eller homofil.

– Ja, det er bra. Det er kjekt å høyra, svarar Haukås.

Det inneheld også fleire referansar til kristendomen, mellom anna at Noreg er eit kristent land, noko det slutta å vera juridisk i 2012 då det offisielt vart eit sekulært land gjennom ei grunnlovsendring.

Trygg på seg sjølv

Det ordføraren sjølv ynsker å retta fokus på er ikkje seg sjølv.

– Eg er så trygg i meg sjølv at det å få slike tydlege tilbakemeldingar tek eg heilt fint. Men det eg har sett på nett og i kommentarfelt dei siste dagane, må eg seia at eg får meir vondt av. For personar som er usikre på si legning, og som endå leitar etter sin veg, så må det vera forferdeleg og både sårt og vanskeleg å lesa slike ytringar som eg opplever både er krenkande og svært krasse, seier Haukås.

Han er for at Pride skal kunne diskuterast, og meiner det er viktig for eit fungerande offentleg ordskifte. Men det avheng at måten ein gjer det på.

Ei påminning

– Eg synest ikkje det er noko kjekt når ein byrjar med omtale om kvarandre sitt syn på ein krenkjande eller ufin måte, seier han.

Særleg slike ytringar retta mot dei som gler seg til Pride verkar som ei påminning om kvifor han og mange andre snart skal feira.

– Men, det er ein invitasjon og ikkje noko meir enn det, gjentek Haukås og rundar av:

– Viss ein ikkje ynsker å vera med så møter ein berre ikkje opp i Haugesund den 15. juni klokka 12.30.

Powered by Labrador CMS