nyhende

043e9ae0-47f6-4dae-82ef-ef4278214fea

Oransje farenivå for flaum og skred

Det er meldt mykje regn torsdag, og NVE har sendt ut oransje farevarsel for flom, og jord- og flaumskred for delar av Sør-Norge på torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Sveio ser ut til å koma unna dei ulike varsla, men ein skal ikkje langt unna før det blinkar oransje.

Oransje farenivå kan føra til fleire og alvorlege flaum- eller skredhendingar, med omfattende skadar. Dette kan få konsekvensar for både menneske, bygningar og viktig infrastruktur, som vegar, bruer og toglinjer. Vegar og jernbanar kan bli stengt, og dersom dei blir usett for flaum eller skred kan det ta lang tid før dei blir opna igjen.

Flaumfare på oransje nivå

Flaumvarselet på oransje farenivå gjeld for Vestland fylke og delar av Rogaland, Agder, Telemark og Buskerud.

– Vassføringa vil auka raskt i små og middels store elvar. Dette kan føra til omfattende oversvømmingar, erosjonsskadar og flaumskadar på utsette stadar, seier Kristina Tvedalen, flomvakt i NVE.

Jord- og flaumskredfare på gult og oransje nivå

Jord- og flaumskredvarselet på oransje nivå gjeld for delar av Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal,. Det er også eit jord- og flaumskredvarsel på gult nivå som gjeld for deler av Vestland, Rogaland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Agder, Telemark, Buskerud og Innlandet.

– Temperaturstigning og sterk vind i fjellet vil bidra til snøsmelting. Dette vil auka faren for jordskred i varslingsområdet. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsatt, sier Ronny Løland, jordskredvakt i NVE.

– Me anbefaler folk å halde seg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring, tilføyer han.

Faren for flaum og jord- og flomskred avtar fra fredag morgen.

Du kan lesa meir om varsla på Varsom.no

Powered by Labrador CMS