nyhende

Gunn Bente Håvardsholm er optimistisk så langt i år for kulturfyret.
Gunn Bente Håvardsholm er optimistisk så langt i år for kulturfyret.

Optimistisk for økonomien

Ryvarden sin daglege leiar kan smila etter å ha levert rekneskapen. Ut sommarmånadane gjekk kulturfyret med eit godt overskot. – Så langt er me i rute, seier Gunn Bente Håvardsholm.

Publisert Sist oppdatert

Ho kan ikkje spå korleis resten av året vert og peiker på at høgsesongen ligg bak dei. Likevel er dagleg leiar Gunn Bente Håvardsholm nøgd med rekneskapen og rapporten ho nyleg leverte for Ryvarden. Der forklarar ho status for organisasjonen og det økonomiske biletet fram til hausten.

– Per 31. august står me med om lag 170.000 kroner i overskot, seier ho.

Auke i cruiseturistar

Sveio kommune har vedteke eit politisk mål om at Ryvarden kulturfyr skal verta økonomisk sjølvstendig på sikt. Håvardsholm meiner resultat er retningsgjevande.

– Men, me kan ikkje ta noko for gitt enno. Overskotet skal vera med å dekka inn dei siste fire månadane i året kor det brukar å vera mindre aktivitet, seier ho.

– Korleis har aktiviteten vore i år samanlikna med tidlegare?

– Det har vore veldig bra. Me har hatt mykje besøk gjennom sesongen og særleg ein stor auke på besøkande av cruise-turistar. I tillegg til auke på overnatting i Fyrmesterbustaden. Samanlagt bidreg også desse tinga til større mengde besøk i både galleri og kafé, seier Håvardsholm.

Sårbar og optimistisk

Ho understrek at ein må ta med rekneskapen for perioden frå september til ut året for å gjera ei heilskapleg vurdering. Når det nye året nærmar seg vil både Ryvarden kulturfyr og Sveio kommune få svar angåande forprosjektet som er undervegs. Det undersøker om det er mogeleg å nytta eksisterande bygningsmasse til å auka kapasitet på overnatting.

– Trur du auka kapasitet på overnatting vil auka overskotet?

– Forprosjektet som pågår no skal forhåpentlegvis resultera i å kunne fortelja oss om kva mogelegheiter Sveio kommune har med å nytta eksisterande bygg betre. Tanken bak er utvikling og økonomisk inntening for Ryvarden kulturfyr, svarar ho.

Vidare peiker rapporten på at dei er sårbare for hendingar som sjukdom blant tilsette og liknande. Det er totalt 11 tilsette fordelt på 1,42 faste 100 prosent stillingar. Håvardsholm summerer at det i det heile ser bra ut, og at ho har trua på målet om sjølvstende.

– Me er optimistiske, det er me, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS