nyhende
Optimist på insekta sine vegner fordi folk bryr seg om dei
Han sleppte boka si om insekt same veke som ein ny, skremmande norsk rapport om nedgang i talet på småkryp kom. God timing?
– Det kjem nye rapportar stadig vekk, seier Erik Tunstad, biolog, forskingsjournalist og forfattar, nøkternt.
For problemet med rapportane er ifølgje Tunstad at det ikkje finst nokon sikre tal frå før moderne tid, berre anekdotar og antakingar. Dermed veit ein ikkje, men antek.
Det er likevel skremmande nok ifølgje dei fire orda han innleier boka «Å elske et insekt» med:
– Det blir færre insekt.
Går på ein smell
Og då er vi ute å køyre. For Tunstad peikar på at biologisk mangfald er mykje viktigare enn klimaspørsmål og det meste anna – «utan det er vi dessverre døde».
«Mistar vi det biologiske mangfaldet, ventar – rettnok på lang sikt – økologiske omveltingar og svolt.»
I boka skriv han at det antakeleg er første gong på 250 millionar år at insekta går på ein smell. Bestandane blir reduserte, til dels dramatisk, og stadig raskare. Insekta døyr ut åtte gonger fortare enn pattedyr og fuglar, i ekstreme tilfelle blir bestandane reduserte med så mykje som 2,5 prosent årleg.
– Antakeleg er vendepunktet rundt andre verdskrigen – med landbruksmetodar og auka bruk av gift, saman med talet på menneske, seier Tunstad til NTB.
– Det er håp
Likevel er det dels optimistisk det biletet han maner fram i sakprosaboka med undertittelen «Hva skjer når insektene forsvinner?». Årsaka er rett og slett at folk flest har byrja å bry seg meir om lagnaden til insekta.
– Eg vil seie det har skjedd ei dramatisk endring til det positive. Derfor er eg litt optimist. Folk bryr seg faktisk om insekt i dag, seier Tunstad.
Då han skreiv om trusselen mot insekta i eit forskingsblad på 1980-talet, lo kollegaene. Så byrja vitskaplege artiklar om truslane mot insekta å komme for fullt frå 2000-talet.
I dag vankar det ifølgje Tunstad mykje positiv merksemd om ein skriv om det same. Han merkar allereie mykje merksemd rundt sleppet av «Å elske et insekt» – meir enn når han har skrive bok om andre tema.
– At folk blir interesserte, er eit godt teikn. Det gir meg håp.
Demokratiske insekt
Å redde insekta vil krevje innsats på fleire plan. Det vil krevje politiske vedtak og internasjonale avtalar, men Tunstad meiner det ikkje er umogleg å gjere noko for insekta også for enkeltindividet.
Det er dermed enklare enn å redde klimaet: Det er å sprøyte mindre, og tenkje oss meir om før vi høgg tre og lager nye bustadområde og veg. Rett og slett vere meir varsame med naturen.
Nær sagt kvar einaste norsk hage har eit insekthotell, og oppmodinga om å la plenklippen vere har vorte eit vårteikn.
– Du reddar insekt ved nettopp å la plenen gro, la det liggje kvist og kvast i hjørna av hagen, kanskje grave ein hagedam. Det demokratiske med insekt er at alle kan nyte dei – om du så berre har ei verandakasse, seier Tunstad, og trekkjer fram at insekt godt kan leve tett på menneska.
Det er fleire insektartar i villahagar nær Oslo enn der han sjølv bur på landet på Tjøme – rett og slett fordi det ikkje blir sprøyta nær byhagane.
To typar naturkjærleik
Tunstad starta «insektkarrieren» med å ta for seg insektpopulasjonen i sprøyta kontra usprøyta eplehagar i Asker i hovudoppgåva si ved universitetet. Det vil seie: Han hadde «glodd på småkryp» sidan han var gutunge.
– Eg har alltid tenkt at det er to typar naturkjærleik. Den eine liker detaljane, å grave i jorda som ein Askeladd, setje seg ned og lytte etter det vesle. Dei andre går 15 mil for å sjå ein fjelltopp.
Boka har han hatt ideen til i nokre år. Opphavleg var planen å skrive om regnskogen og insekta der, til han kom på at han like gjerne kunne skrive om sin eigen hage.
Færre koseinsekt
– Det er først no i vår tid vi tek vare på naturen. Første gong naturvern vart omtalt i litteraturen, var i 1801. Ordet «økologi» vart laga på midten av 1800-talet. No har turen endeleg kommen til insekta, etter at vi har bekymra oss for skogdød, ozonlag og klima, seier Erik Tunstad.
Som, kort sagt, ikkje trur insekta forsvinn. Men at det blir færre av dei, og at det blir endringar i kva artsgrupper som vil dominere.
– Insektgrupper assosiert med det gamle europeiske landbrukslandskapet vil det bli færre av – «koseinsekt» som sommarfuglar, laupebiller og solitære bier, avrundar Erik Tunstad.