nyhende
– Oppveksten i Buavåg var med å skapa den eg er i dag
Den kommande ordføraren i Haugesund er vekas «Hei, sveibu».
– Dei siste 12 åra har eg drive motebutikkene Condor som ligg i Haraldsgata og på Oasen. Frå 18. oktober skal eg vera Haugesund sin ordførar dei neste fire åra.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Oppveksten i Buavåg var med å skapa den eg er i dag. Inkluderande, evne og vilje til å lukkast saman med andre har eg tatt med meg vidare i livet. Eg er også så priviligert at eg har eit hus i Buavåg i dag, så eg er mange helger i året i Sveio.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg likar Sveio akkurat som det er.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Me hadde ei veldig fin tid på Bua dei åra me arrangerte Bømlafjord-festivalen rundt tusenårskiftet. Dei somrane representerte samhald og det å skapa noko saman.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Linn Therese Erve. Ho har verkeleg stått på og vore ein samlande og synleg ordførar. Ho har vist igjen i heile kommunen. Noko som eg trur var viktig etter ei tid med ein opprivande skuledebatt.