nyhende
FrP på sommartreff i Sveio:
Opptatt av ungdom si mentale helse og gode vegar
Det skal ikkje så mykje til for å få ein politikar til å prata, spesielt ikkje før eit val. Laurdag kveld var det ni engasjerte FrP-arar på sommartreff i Sveio. Av topp tre på fylkeslista, er to frå Sunnhordland, klare for å jobba for sveibuen, lovar Helge André Njåstad.
Medan kjøtet putra på grillen og opptak til podcasten blei spelt inn i god avstand til dei tydelege røystene rundt bordet, dreidde samtalen seg mykje om den mentale helsa til ungdomen. Kanskje ikkje det FrP er mest kjende for, men like fullt eit tema dei synest er viktig å fronta for landet.
Helseressursar
Sigurd André Maraas er varaordførar i Fitjar kommune, og stortingskandidat nr. 9 for FrP Hordaland. Som pappa til to tenåringar, brenn han mellom anna for heile og langvarige stillingar innan ungdomspsykiatri.
– Ber ein ungdom ber om hjelp, kan det gå lang tid. Er ein heldig kjem ein inn på BUP, eller så får ein avslag, seier Maraas, og legg til at det må fleire helseressursar inn i grunnskulen på fast basis. Han gjer eit poeng ut av at ungdom aldri har «fri» når dei kjem heim frå skulen – dei får sjå vennene sine på Snapchat og andre sosiale medium anten dei vil eller ei. Då kan det vera lett å kjenna seg utanfor.
Privat samarbeid
– Me må vera synlege og ta vare på problemstillingane ungdomen står ovanfor, samtykkar fylkesleiar i Hordaland FrP, Gustav Bahus.
Unge skal få hjelp når dei treng hjelp, og det er FrP sitt ønskje å følgja opp budsjettet med nok pengar.
– Både eldreomsorg og barnehagar blir drivne av private, kanskje det må eit offentleg/privat samarbeid til for å ha stort nok tilbod innan psykiatri, seier Maraas, og trekker fram ungdomsråda fram som viktige formidlarar av kva ungdomen verkeleg treng.
Nøgde lokalt
Dei to lokale FrP-politikarane kjenner seg igjen i problemstillingane i eigen kommune, og er på det jamne nøgde over tilbodet til ungdom i Sveio.
– Me er godt dekka, men det kunne vore betre. Det er eit uttømmeleg behov, seier Eriksen.
– Det skjer mykje etter at klokka er 14. Å ha ein habil vaksenkontakt for barn og unge som dei kan stola på er viktig. Me har fått gode tilbakemeldingar på jobben ungdomskoordinatoren i Sveio gjer, som me kjempa for å få på plass, seier Rune Teikari.
God dialog internt
Det er ein lett og tone mellom politikarane som er samla på Liereid, ei blanding av politikarar frå stortinget, fylket og fleire kommunar. Slik meiner dei dialogen er på det jamne, og at det er ein fordel, spesielt når beskjedar og spørsmål skal høgare opp i systemet.
– FrP er ein tett og god gjeng. For oss er det enkelt å ta kontakta leiinga og stortingsrepresentantar direkte, seier Eriksen, og legg til at andre parti har store apparat i sving rundt seg, som gjer vegen lang.
– Me i FrP blir ofte brukt av politikarar frå andre parti til å ordna møte på Stortinget, seier ho. Fylkesleiaren er einig.
– I våre roller som ombudsmenn er me tilgjengelege 24/7, det er det same om det er meg som fylkesleiar, eller 3. kandidat på lista som tar kontakt med nokon høgare oppe i partiet, om det er sjølve partileiinga eller stortingsgruppa vår, seier Bahus, som legg til at kommunikasjonslinjene er korte og velfungerande.
Den usosiale skatten
Vegprosjekt
Avslutningsvis høyrer me med politikarane kvifor bør sveibuen bør stemma FrP i stortingsvalet. Sigbjørn Framnes blir den som tar til orde, og seier at det er ei opplagt sak:
– I forhold til veg er me einaste parti som vil få realisert Bokn-Stord, seier fylkestingmedlemet frå Stord.
Det bør altså vera i sveibuen si interesse å få både bu- arbeidsmarknaden tettare på, med betre vegar og færre ferjer. Vegprosjektet, som i følgje Statens vegvesen er omdøypt til Bokn-Hope (nord for Førde i Sveio) er del av ein ny og ferjefri motorveg mellom Bergen og Stavanger.
Hordfast, som vil knytta Vestlandet tettare saman, er også eit prosjekt der FrP er einaste garantist, kjem det fram.
Me spør også stortingspolitikar frå Austevoll, Helge André Njåstad kvifor sveibuen bør stemma på FrP:
– Sveibuen må gjerne stemme på oss om det er viktig med ei stor satsing på samferdsel, lågare skattar og avgifter, ei betre eldreomsorg og fokus på å skapa arbeidsplassar, seier Njåstad. Han legg til at to av tre på toppen av lista er frå Sunnhordland, klare til å jobba for sveibuen.
Blå regjering
Varaordførar Eriksen har ein 7. plass på vallista for krinsen.
– Kva er dine ambisjonar for valet?
– Eg kjem nok ikkje inn på Stortinget, men det er viktig for oss i Sveio at FrP blir store og slagkraftige. Me har i åtte år sett fokus på eldreomsorg, starta eit vellukka forsøk med statleg finansiering av omsorg, psykisk helse. Vegbygging har hatt ein voldsom vokst, eigedomsskatten har blitt redusert og arveskatten er avskaffa, for å nemna noko. Det er sjølvsagt at FrP framleis ønskjer å ha handa på rattet, slik at dette ikkje blir reversert. Ambisjonen er ei framleis blå regjering.