nyhende

Oppmuntrar fleire pårørande til å delta

– For meg er det viktig å vera med her. På den måten får eg ta del i mor mi sitt liv på ein betre måte, får meir forståing for kva ho er oppteken av, seier Margareth Tislevoll.

Publisert Sist oppdatert

Det er kaffikos med underhaldning på Sveio omsorgssenter (SOS) i regi av pårørandeforeininga, slik dei brukar å ha ein gong i månaden. Margareth Tislevoll bur på Fitjar. Etter at foreldra flytta inn på Austbakken på SOS for to år sidan, har ho engasjert seg i pårørandeforeininga og er no også sekretær i styret. Ho prøver å få med seg dei fleste arrangementa som foreininga har ansvaret for. Faren døydde i fjor, mora er framleis ein ihuga deltakar når bebuarane samlast.

– Viktig for henne

– Det betyr mykje for henne å ha oss med, ha nokon å gå saman med og visa dei andre kven ho har rundt seg. Og det er stas for henne at eg mellom dei som kjem tidleg og er med på å laga til kaffien og sånn.

Tislevoll trur mange av dei som bur på dei ulike avdelingane på SOS og bustadene omkring, har det på same måten. Difor oppmodar ho andre pårørande til å vera med sine når dei samlast til ulike arrangement.

– Dei besøkjer nok sine næraste på romma, men eg trur det er viktig at dei også er til stades på fellessamlingane, seier Tislevoll.

– Til stor hjelp

Ho er ikkje åleine om dette synspunktet. Jan T. Enerstvedt, som har vore aktiv i pårørandeforeininga meir og mindre samanhengande sidan 2006, er svært oppteken av å få dei pårørande til å delta saman med sine næraste på ulike samlingar.

– Det er viktig for at dei eldre som bur her skal få ei god oppleving. Dessutan vil det i mange tilfelle vera til god, praktisk hjelp og avlasta dei tilsette som har ein ganske travel kvardag, seier Enerstvedt.

Han har ikkje lenger nære pårørande på SOS, men har halde fram i Pårørandeforeningen fordi han fikk det meiningsfylt og interessant. Dette gjeld også fleire av dei som er med i styret og støttegruppa i foreininga.

Populære blåturar

I tillegg til die månadlege kaffikos-samlingane, er pårørandeforeininga medhjelparar på sommar- og adventfestane som SOS sjølv arrangerer. Pårørandeforeininga tilbyr dessutan ein blåtur med buss i juni. Desse turane har vore svært populære og har hatt opp mot 40 deltakarar. Tidlegare har turane gått til ulike mål over heile Hauglandet og Sunnhordland. I seinare år har dei avgrensa seg til rundturar i Sveio med etterfølgande måltid på restauranten i Førde.

– Deltakarane set stor pris på å få koma rundt på kjende trakter, seier Enerstvedt.

Den pensjonerte læraren tar også ofte hand om underhaldninga. Ikkje minst leiar han allsongen til eige gitarakkompagnement, men ein del av oppgåva hans er også å få med andre musikarar og kåsørar til samlingane.

Skaffar underhaldarar

Denne ettermiddagen Vestavind får vera til stades, er Haldis og Jan Jørgensen frå Tysvær gjester. Jans, som er «artistnamnet» deira, stiller med trekkspel og eige lydanlegg. Dei har vore her før og får forsamlinga med seg på kjende og fengande viser frå ei tid då allsongen sto sterkare enn i dag.

– Det er koseleg å vera her, seier Grethe Turøy, som følgjer mora Kjellfrid Bråtveit til kaffikosen denne ettermiddagen.

Mora er samd og skryt av borna sine som viser omtanke og er med henne.

Turøy fortel at søskena deler på å vera med mora på ulike arrangement ved SOS. Søstera, Ingebjørg Kvalvågnes, er aktivt med i pårørandeforeininga, men denne torsdagen hadde ikkje ho sjanse til å delta.

– Då blei det min tur i dag, seier Turøy, som skryt av tilbodet til dei eldre og synest det er kjekt å møta dei andre eldre som mora er saman med også.

Powered by Labrador CMS