nyhende
Opplagsauke for Vestavind
Tysdag kom opplagstala for første halvår 2025. Det viser ein liten, men gledeleg auke på åtte fleire abonnentar samanlikna med same periode i fjor.
Opplaget første halvår i år enda på 1.575. Komplett abonnement med både papir- og nettavis går litt tilbake, men 57 fleire digitale abonnement enn første halvår 2024 gir altså ein pluss på åtte totalt.
Digital satsing
– Det er spennande kvar gong Opplagskontrollen kjem med halvårstal. Pluss åtte høyres kanskje ikkje så mykje ut, men det viser at lesarane våre set pris på Vestavind. Me gler oss over at den digitale satsinga ber frukter og bidreg til plusstal. Neste år er Vestavind 40 år, og me arbeider kvar dag med å bli enno betre, også på tekniske og digitale løysingar fram mot jubileumsåret, seier redaktør Ellen Marie Hagevik.
Vestavind føyer seg inn i trenden for dei rundt 125 avisene i Landslaget for lokalaviser (LLA): stadig fleire vel å lesa avisa digitalt. Totalt auka LLA-avisene sitt reine digitale opplag med over 25.000 abonnentar.
Det totale opplaget for LLA-avisene er over 401.000. Over halvparten av avisene gjekk fram, om lag halvparten litt tilbake.
– Oppmuntrande
– I ei tid der ytringsfridomen og mediene sitt arbeid er under sterkt press i mange land, skal me vera glade for at folk i Noreg vil betala for redaktørstyrt og uavhengig journalistikk. Det er lokalavisene som gjer jobben med denne journalistikken i folk sine nærmiljø, seier Thomas Bruvik, LLA sin generalsekretær, og legg til:
– I lys av at mange aviser slit med annonseinntektene, er det svært oppmuntrande at lesarane bidrar så sterkt til å finansiera journalistikken.