nyhende

Slik ser dei nye skilta ut.
Slik ser dei nye skilta ut.

Oppgraderer farvasskilt i Sveio-området

Denne hausten startar Haugaland Kraft Nett arbeidet med å skifta ut farvasskilt i Sveio-området.

Farvasskilt er informasjonsskilt for sjøfarande, og gir informasjon om seglingshøgde under straumførande linjer og dessutan ankringsforbod der det går sjøkablar, opplyser Haugaland Kraft Nett i ei pressemelding.

Lik plassering

Dei nye skilta vil i hovudsak bli plasserte på same plass som dei gamle. Hovudforskjellen ligg i den visuelle utforminga av skilta. Dei nye skilta blir enklare å få auge på, og formidlar informasjonen på ein tydelegare måte.

Døme på skilt som skal bytast ut.

Utskiftninga skjer då eksisterande skilt er utdaterte og ikkje i tråd med gjeldande forskrift. Ifølgje «Forskrift om Farvannsskilt og Navigasjonsinnretninger» skal alle slike skilt av gammal type skiftast ut innan utgangen av 2022.

Storleiken på dei nye skilta vil variera noko, men vil i dei fleste tilfelle vera 1×1 meter.

Jobben med utskifting av Haugaland Kraft sine skilt blir utført av Amundsen Diving AS. Eventuelle spørsmål rundt utskiftinga av skilt, kan rettast til Haugaland Kraft ved prosjektingeniør Kjell Anders Grov, opplyser Haugaland Kraft.

Skal fornyast: Skilt som markerer seglingshøgda under straumførande linjer, og skilt som markerer sjøkabel. Illustrasjon: ensto.com/no
Powered by Labrador CMS