nyhende

Jostein Førre tek permisjon frå stillinga som rådmann i Sveio kommune komande haust.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Jostein Førre tek permisjon frå stillinga som rådmann i Sveio kommune komande haust.

Oppfordrar til få fysiske møte – med unntak av kommunestyre

– Framover vil det vera viktig å følgja den nasjonale smittevernforskrifta og anbefalingane som blir gitt, så godt ein kan, oppfordrar rådmann i Sveio, Jostein Førre.

Publisert Sist oppdatert

Under heile pandemien har politiske møte vore unntatt definisjonen av «arrangement» i smittevernregelverket. Mange har – når det har stått på som verst – likevel gjennomført politiske møte digitalt, når det har blitt vurdert som føremålstenleg.

Mellom anna har både Karmøy og Tysvær denne veka vedtatt at dei kommunale møta framover skal gjennomførast digitalt.

Men i Sveio blir det fysisk møte når mellom anna budsjettet for neste år skal bankast gjennom.

Årets viktigaste møte

– Kommunestyret skal no ha kanskje sitt viktigaste møte i løpet av året, kor budsjettet – og dermed føringane for drifta av kommunen neste år – skal bli vedtatt. Då veg omsynet til ein god, demokratisk prosess ekstra tungt. Nettopp difor legg me opp til for augeblikket å gjennomføra kommunestyremøtet fysisk den 13. desember på Soknehuset i Sveio sentrum, opplyser rådmann Jostein Førre.

Han slår fast at kommunestyremøtet er viktig i omsynet til demokratiske prosessar. Elles er han klar på at det er viktig at alle reduserer nærkontaktar så mykje som mogleg og gjer ei nøye vurdering om ein kan utsetta møte med andre og vurdera nødvendigheita av å møtast,

Balansegang

Førre grunngir dette med at i situasjonen me no står overfor er det fleire omsyn som skal balanserast mot kvarandre. Nasjonale styresmakter har til dømes ikkje stengd ned alle kulturtilbod, utestadar og arrangement, men lar desse drifta så lenge dei følger smitteverntiltak, som avstand og avgrensingar på talet på deltakarar. Dette fordi omsynet til næringslivet og menneske sine behov for å oppleva ting saman med sine nære blir voge opp mot omsynet til å kontrollera smitten i samfunnet og presset på helsetenestene.

Særskilt gjeld dette for barn og unge, der ein freistar å la mykje av den vanlege organiserte aktiviteten, som skule- og fritidsaktivitetar, fortsetta. Når det gjeld arrangement for desse anbefaler sentrale styresmakter å vurdera om aktivitetar kan flyttast utandørs og gjennomførast der.

Sosiale arrangement anbefalast innafor same klasse/kohort, og den nasjonale smittevernforskrifta tillét ikkje større, sosiale samankomstar, verken i privat regi eller i tilknyting til skule eller arbeid.

Powered by Labrador CMS