nyhende
Oppdaga stor korallskatt i Bømlafjorden
Eit stort korallrev er nyleg dokumentert nesten rett utanfor stovedøra til sveibuen.
Etter tips frå lokale fiskarar, har havforskarar undersøkt eit område i Bømlafjorden på jakt etter korallar. Overraskinga var stor då det viste seg at det var eit korallrev på heile to kilometer nede i djupet.
Forskar Tina Kutti ved Havforskningsinstituttet leiar arbeidet med å kartlegga revet, og er alt i gong med å analysera videoane dei tok sist veke. Frå toktet har dei med seg rundt 14 timar med video som no skal analyserast – eit arbeid som vil ta fleire veker.
– Revet er ca. to kilometer langt og truleg ein del smalare. Det er hovudsakleg bygd opp av steinkorallen Lophelia pertusa, som er den arten som byggjer dei fleste reva i norske havområde, fortel havforskaren.
Perfekte forhold
Ifølgje Tina Kutti ser det ut som korallane veks over det meste av terskelen som går over Bømlafjorden. Ein terskel er som ein høg dørstokk som stikk opp frå botnen. Terskelen markerer området kor isbreen som laga fjorden, slutta for fleire tusen år sidan. Dei fleste fjordar på Vestlandet har terskel. Alt vatnet som skal inn eller ut av ein fjord må passera denne innsnevringa som terskelen skaper, dermed blir det sterk straum her.
– Terskelen i Bømlafjorden ligg på 100–150 meters djupne, akkurat slik korallane likar det, seier ho engasjert.
Korallskog tett ved
I tillegg til sjølve revet, veks det fleire andre korallartar ved sida av:
– Me ser at det er korallskog rett ved sida av revet, det er andre artar som veks i same område, men utan at dei byggjer rev, forklarar ho.
Sidan forskarane ikkje venta å finne så store mengder med korallar, skal dei tilbake seinare for vidare undersøkingar.
Andre korallrev utanfor Vestlandet er Straumsneset nord i Langenuen innafor Stord, Nakken sør i Langenuen, og Midtsund ved inngangen til Sandsfjorden i Ryfylke. Ved alle tre lokalitetane er det forbode mot botntråling og fiske med line, garn og teiner.