nyhende
Oppblåsbare redningsvestar må sjekkast årleg
45 prosent av oss veit ikkje at oppblåsbare redningsvestar må sjekkast. Redningsselskapet inviterer no heile landet til å delta på Sjekk vesten-veke fram til 14. mai.
I undersøking gjort av InFact på oppdrag frå Redningsselskapet kjem det også fram at det er flest kvinner (32 prosent) som ikkje hugsar når dei sist sjekka redningsvesten. 37 prosent av mennene sjekka vesten sin for eitt år sidan.
8.–14. mai inviterer Redningsselskapet heile Noreg til å bli med på Sjekk vesten-veke. Gjennom veka står Redningsselskapet og ei rekke andre bedrifter klare til å hjelpa folk med å sjekka vesten. Oversikt over kvar finn du på nettsida sjekkvesten.no.
Nasjonal dugnad
— Tidlegare har dette vore noko me har gjort åleine, men i år gjer me det om til ein felles nasjonal dugnad for å få bodskapen endå breiare ut. Når 44 prosent heller ikkje veit kvar eller korleis ein sjekkar vesten, så er dette viktig å ta tak i. Alle som brukar ein oppblåsbar redningsvest er sjølve ansvarleg for at han fungerer som han skal. Me vil læra opp folk, slik at alle etter kvart klarer å sjekka sin eigen redningsvest, seier Kim Hagen Bertheussen, direktør for Frivillig innsats og førebygging i Redningsselskapet i ei pressemelding.
Han meiner sjøvettkunnskap er mangelvare, og at slik kunnskap har potensial til å redda liv.
Viktig del av tryggleiken
— Sjølv om mange veit at ein skal, og burde, bruka redningsvest når dei er ute med båten, så er det fortsatt mange som gløymer at vedlikehald av vesten er ein viktig del av tryggleiken. Om redningsvesten skulle svikta kan liv stå i fare, konstaterer Kim.
Det tar ikkje lang tid å sjekka vesten, og rekk du ikkje å få hjelp i løpet av Sjekk vesten-veka, finn du gode råd her med både tekst, bilete og video:
6 enkle grep til eit lengre liv for både deg og redningsvesten din