nyhende
Opne dører fem dagar i veka
Frå april kan du gå i Haugesund Sparebank alle kvardagar. — Me vil vera den føretrekte banken for sveibuen, og no blir me enno meir tilgjengelege, seier avdelingsleiar Merethe Hansen.
Haugesund Sparebank opna kontor i Sveio i 2015, og har halde ope tre dagar i veka fram til no. Første veka i april blir det rett nok ikkje ope meir enn tre av fem dagar, men det er det påska som er årsaka til.
— Me går i gong med dei nye opningstidene for fullt etter påske. Onsdag blir langdag som før, seier Hansen.
Med seg på laget i Sveio har ho nytilsette Mari Arnestad, som også bur i Sveio.
Meir til stades
Som einaste bank med kontor i Sveio, utvidar ikkje Haugesund Sparebank opningstidene for å vera betre enn konkurrentane.
— Me vil at sveibuen skal tenka på oss som Sveio-banken, lokal, nær og personleg. Med auka opningstider blir det både enklare å bli kunde hos oss, og at kundane kjenner at dei høyrer til hos oss. Me veit det er mange kundar som ønsker å møta våre rådgjevarar fysisk i dei ulike fasane av livet, og me ser no fram til å vera til stades for sveibuen med personleg kunderådgjeving enno fleire dagar i veka, seier Hansen.
Ho har også tru på at ein meir tilgjengeleg bank vil auka marknadsandelen både i privat- og bedriftsmarknaden.
Bustad og sånn
Skal du kjøpa bustad for første gong, har Haugesund Sparebanke eit eige opplegg kalla «Bolig og sånn». Etter Haugesund og Skjold, er det no Sveio sin tur på kvelden 30. mars.
— Påmelding til arrangementet blir annonsert. Dei som kjem vil mellom anna få gode råd om finansiering for førstegongskjøparar, råd frå ein av meklarane våre, og høyra korleis det gjekk med bankmannen med ti tommeltottar som kjøpte eit oppussingsobjekt, seier Hansen.