nyhende
Opnar truleg for besøk igjen i løpet av veka
Etter at det blei påvist koronasmitte ved Vikse skule, vart besøk ved Sveio omsorgssenter stansa midlertidig.
Fram til 20. mai var det opna for tilrettelagt besøk ved omsorgssenteret. Dette tilbodet blei umiddelbart stoppa då det vart kjent at ein elev ved Vikse skule hadde fått påvist covid-19.
– Dette midlertidige tiltaket er ein del av smittevernplanen, og vart mellom anna gjort fordi eit par av dei tilsette kunne knyttast til tilfellet på Vikse skule. Desse blei sett i karantene, og er saman med andre aktuelle personar testa, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio kommune.
Så langt har ingen andre enn den eine eleven ved Vikse skule fått påvist smitte.
Ventar på svar
– Me får svar på dei siste som er testa tysdag eller onsdag. Allereie no ser me at dette ikkje er noko «worst case»-scenario, og eg reknar med at me vil opna for besøk igjen i løpet av veka om dei siste testane er negative, seier Toft.
Då blir det som før den midlertidige stenginga:
Pårørande må ringa på førehand og avtala tid og oppmøtestad. Retningslinjer for smittevernrutinar må overhaldast under besøket, og det vil vera ein besøksvert til stades som tilrettelegg besøka. Kvar pasient kan maksimalt ta imot 1–2 besøkande ved kvart besøk, og besøket kan vara inntil 30 minutt.