nyhende

Er du på utkikk etter bubil eller campingvogn, eller berre ønskjer å orientera deg i marknaden? Då er dagleg leiar ved Aktiv Caravan Haugalandet, Øystein Tveit, ein god person å snakka med.
Er du på utkikk etter bubil eller campingvogn, eller berre ønskjer å orientera deg i marknaden? Då er dagleg leiar ved Aktiv Caravan Haugalandet, Øystein Tveit, ein god person å snakka med.

Opnar stor caravanavdeling på Hanaleite

Bergensverksemda Aktiv Caravan opnar denne våren ny avdeling på Hanaleite.

Publisert Sist oppdatert

På oppstillingsplassen som vender ut mot E39, har bubilar og campingvogner byrja å fyllast opp. Fleire skal det bli, ifølgje Øystein Tveit, dagleg leiar i Aktiv Caravan, avdeling Haugalandet.

– Kva var det som gjorde at du ville satsa på dette?

– Eg har sjølv hatt bubil i fleire år, og har tenkt fleire gonger kvifor ikkje ha ein caravan-butikk på Haugalandet som ligg i nærleiken av Haugesund – Stord. Difor tok eg kontakt med Aktiv Caravan i Bergen som også meinte det var ein god idé, og då var me i gong, fortel Tveit som sjølv er ein ihuga bubil-brukar, og har erfaring som bilseljar.

Turane omfattar alt frå lange distansar til Italia og Kroatia, til meir lokale destinasjonar som Sponavikjo på Stord, Vikedal og Skånevik. Ifølgje Tveit er dei ofte fleire bilar i følgje, dette er ein aukande trend og ein flott måte å feriera på og ikkje minst møtast til helgetreff.

– Det er eit fantastisk lokale og plasseringa er jo midt i leio med mykje trafikk rett utanfor. Her dekkjer me heile strekket frå Haugesund og nord til Stord, fastslår Øystein Tveit.

Forutan bubilar og campingvogner gler han seg til å visa fram det nye butikklokalet som er på heile 200 kvadratmeter. Her finn ein det meste innan caravanutstyr.

Diverre har korona-krisa sett kjeppar i hjula for opninga.

– Me skulle hatt ope alt, men no blir det i staden satsa på ei opningshelg 16.-18. april. Då satsar me på mykje folk, og me lagar ein kjekk «happening», seier Tveit.

– Som forhandlar i Bergen er det utan tvil ein betryggande faktor at me alt har opparbeida oss ein stor kundekrins frå området rundt Sunnhordland og mot Rogaland, seier Kine Midtun Skage, marknadsansvarleg i Aktiv Caravan.

Sveio-satsing

Ved å starta ei avdeling i Sveio ønskjer Aktiv Caravan å vera meir tilgjengelege for eksisterande kundar, og ikkje minst få høve til å opparbeida seg nye.

– Avgjerande for oss var å få rette personar på laget. Me er heldige som har fått med oss Øystein Tveit, ein lokal og hyggjeleg kar som kjenner både marknaden og kundane godt, seier marknadsansvarleg Kine Midtun Skage.

Ho legg ikkje skjul på at Hanaleite industripark er ideell for bubilsal.

– Her har me ein flott og stor plass, som gir oss rom for alle tenestane me tilbyr, samstundes som me har svært god eksponering frå hovudvegen.

Luksushytter på fire hjul

– Bubilar har fått ein heilt anna status i dag enn før? Kva har skjedd?

– I dag er bubillivet sosialt akseptert på ein heilt annan måte enn tidlegare. Hovudgrunnen er nok kvaliteten og standarden på bilane, svært mange køyrer rundt i luksushytter på fire hjul. I tillegg opplever og verdset stadig fleire fridomen og spontaniteten som bubillivet gir, seier Midtun Skage.

Det blir stadig fleire norskregistrerte bubilar på vegane i vårt langstrakte land. Ved årsskiftet 2020 var det registrert litt under 52 000 bubilar i Noreg, nesten dobbelt så mange som for ti år sidan, ifølgje tal frå SSB.

Auka aktivitet på huset

Nykommaren på Hanaleite deler hus førebels med tre andre verksemder. Dei tre er frisørsalongen Estetikk AS, Rørleggermester Halland & Fosse (lagerdel), og Uteidyll AS (opnar april/mai).

– Det er viktig å få opp aktivitet på huset, dess fleire aktørar, dess sterkare står me samla her på Hanaleite. Verksemdene her på næringsområdet er også flinke til å bruka kvarandre, opplyser Roald Hovland, representant for huseigaren.

Hovland opplyser vidare at det er dei no er i ferd med å fullføra bygget der det er planlagt mange kontor, i tillegg også ein del fellesareal.

Powered by Labrador CMS