nyhende
Opnar ny kunstutstilling på Ryvarden
Søndag 1. september ønsker kulturfyrvaktar Ruth G. Ø. Eriksen velkomen til ny stilling på Ryvarden. Kunstnar er Reidun Kjærstad Gytri. Utstillinga står til 20. oktober og er open laurdagar og søndagar.
Gytri arbeider i teknikkane akrylmaleri, djuptrykksgrafikk og litografi, og ho hentar mykje av inspirasjonen sin frå kysten og kystmiljø som sjø, fyrtårn, naustmiljø og fuglar.
Ho arbeider og bur i Skudeneshavn, men har også sterk tilknytting til Olden i Stryn. Det viser også ein del av bildene hennar med bratte fjell, snø og vatn.
Allsidig dame
I 2018 gav ho ut boka «Folk møter bilder» der medskribentane skriv om kva forhold dei har til bildene hennar.
Gytri er utdanna førskulelærar og har jobba ti år som barnehagestyrar. Ho har arbeidd nærare 40 år med kunst, og har eigen litografipresse og ei djuptrykkpresse heime i Risdalsvegen.
Ho er ei praktisk og allsidig dame, og har restaurert Kunst- og Kulturverkstedet Tåkelurfabrikken i Skudeneshavn og drive denne i tre år med galleri, kafé, kurs og kunstskule.
Utstillingar dei siste åra
- Utstillingar på Blondefrabrikken i Skudeneshavn og Olden Fjordhotell.
- Separatutstilling Kulturlåven på Visnes Hotell Stryn.
- Utstillingen «Fyrglede» Geitungen fyr 100 år.