nyhende

F.v. syskenparet Janne og Helene Vikse og dagleg leiar Åse Katla. Her framføre prøveromma dei sjølv har designa. FOTO: GUNNHILD LØNNING
F.v. syskenparet Janne og Helene Vikse og dagleg leiar Åse Katla. Her framføre prøveromma dei sjølv har designa.

Opnar ny klesavdeling

Salamanderen Barn og Fritid er i full sving med siste finpuss på den nye klesavdelinga med opningsdag torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Butikken er på noverande tidspunkt den einaste som sel klede i Sveio.

Sidan februar har dei førebudd seg på ei utviding, og torsdag kan ein få kjøpt meir enn berre barneklede i den relativt nye klesbutikken på Sveio senter.

Eit «hytteaktig»preg

Det er dagleg leiar Åse Katla og butikkmedarbeidaren Helene Vikse som i fellesskap har utarbeidd fasaden til butikken.

— Me har prøvd å setja eit hytteaktig preg på butikken, seier Katla.

Lokalet er innreidd med mellom anna møblar frå den lokalkjende Gjenbruksløa.

I tillegg har Katla og Helene Vikse fått tak i ein gjenstand frå nabobutikken som eigentleg skulle hivast. Dén skal no brukast som varehylle for ryggsekkar i staden.

— Då me såg han, tenkte me at han ville fungera ypparleg som hylle, held Katla fram.

Lenestolane, som står i det eine butikkhjørnet, er derimot midt i blinken for mannen som skulle oppleva at kona bruker lang tid på prøverommet.

Denne skulle hivast, men vert brukt som hylle i staden.
Møblar frå Gjenbruksløa i Førde.

Vonar på godt oppmøte

Salamanderen Barn og Fritid, som hittil berre har selt barneklede, kjem no til å selja turklede for vaksne i tillegg. Utvalet i butikken vil vera avhengig av etterspurnaden, fortel Katla.

No er det ikkje mange timar att før butikken vert innvigd, men dei siste førebuingane er snart i mål.

— No prisar me varer og set dei ut i hyller, og elles er det litt mindre ryddearbeid som står att, seier Katla.

Katla og systrene Vikse er spente på oppmøtet under opninga.

Dei vonar så mange som mogleg kjem innom for ein kopp kaffi, eit kakestykke og ein hyggeleg handel.

Butikken er snart klar til innviing.
Powered by Labrador CMS