nyhende

Desse engasjerer seg for solidaritet med Ukraina og Palestina: Frå venstre: Susan Abdullah, Liv Marit Økland, Per Kristian Valen, Jane Jünger, Marta Svendsbø, Anne Lise Økland, Silje Marie Grutle, Siv og John Olav Hammer.FOTO: PRIVAT
Desse engasjerer seg for solidaritet med Ukraina og Palestina: Frå venstre: Susan Abdullah, Liv Marit Økland, Per Kristian Valen, Jane Jünger, Marta Svendsbø, Anne Lise Økland, Silje Marie Grutle, Siv og John Olav Hammer.

Opnar hagen for solidaritetsdag

Neste sundag kan du få nye kulturopplevingar i Valestrand, samtidig som du støttar minerydding i Ukraina og gir humanitær hjelp til Palestina.

Publisert Sist oppdatert

Neste sundag opnar Liv Marit og Einar Økland sin heim hus og hage, og inviterer saman med fleire organisasjonar til solidaritetsaksjon for både Palestina og Ukraina:

— Godt å kunne bidra

— Å leva i fredelege Noreg gjer at me lett kan stikka hovudet i sanden for krig og elende i andre land. Me har mange ukrainarar og palestinarar som bur her saman med oss, og det er godt å få kunna bidra med både støtte og bevisstgjering om situasjonane i deira heimland. Me er difor svært glade for dei mange aktørane som bidreg for å arrangera denne solidaritetsdagen, seier initiativtakarane Liv Marit Økland og Jane Jünger, i ei pressemelding.

Fleire lag av frivillige er involverte, og arrangørkomiteen omfattar både Valestrand Bygdalag, Teartig og Norsk Folkehjelp Sunnhordland:

— Me set stor pris på at Liv Marit og Einar opnar heimen sin for solidaritet på denne måten. Å kunne bidra til gode kulturopplevingar for alle, samtidig som me hjelper folk i krig, er ein fin kombinasjon. Dette blir eit kjekt familiearrangement med aktivitetar for både ungar og vaksne, seier Silje Marie Grutle i Valestrand Bygdalag.

Musikk og foredrag

På programmet står både musikalske innslag frå Palestina og Ukraina, appellar, kveding, teater, konsert med Cecilie Anna og opplesing ved bokaktuelle Agnes Ravatn.

I forkant er det også mogleg å delta på føredrag med forfattar og samlar Einar Økland. Her blir det vist og fortald om originale skrifter utgitt av norske flyktningar under andre verdskrigen.

I tillegg er det vakre tunet med hage i seg sjølv verdt eit besøk. Øklandstunet husar fleire unike samlingar, som det denne dagen blir mogleg å oppleva på nært hald. I den kulturrike Valestrand-bygda gler dei seg til å ta imot publikum frå heile regionen, og ein merkar allereie stor interesse.

— Det har begynt å koma støtte til aksjonen med bidrag via Vipps, frå både sveibuar og interesserte i nabokommunane. Det forstår me godt, det kjennest godt å få koma saman til solidaritet. Dei som ønsker kan gjerne kjøpa billettar via Vipps allereie no, og ein kan til og med støtta sjølv om ein ikkje kan koma. Det er også mogleg for næringslivet å støtta aksjonen. Me ønsker å samla inn mest mogleg midlar til viktig hjelp til både Ukraina og Palestina, seier Anne Lise Økland i bygdalaget.

Powered by Labrador CMS