nyhende

I Førde kyrkje er det ni konfirmantar denne helga
I Førde kyrkje er det ni konfirmantar denne helga

Opnar for opp til 100 vitjande i kyrkja

Publisert Sist oppdatert

På søndag ringjer kyrkjeklokkene til gudsteneste både i Førde og Sveio. Begge stader skal det vera dåp.

Tysdag kunngjorde statsminister Erna Solberg at regjeringa letta på dei nasjonale koronatiltaka, inkludert tiltaka for innandørs arrangement og gudstenester. Der det er faste tilviste plassar, blir det no opna opp for 100 personar.

– Årets påskebodskap blei «streama» – det var berre eg og kyrkjetenaren i kyrkja – difor vil eg nytta høvet til å feira både dåp og påske når me endeleg kan møtast som før igjen, seier Arild Steinsland. Han er svært glad for at han igjen kan møta kyrkjelyden sin.

I Sveio kyrkje er det prest Gisle Sørhus som står for gudstenesta.

Powered by Labrador CMS