nyhende

Opna frøbibliotek i Sveio

No kan du låna frø der du låner bøker. Saman med Sveio Hagelag opna biblioteket nyleg for utlån av frø. — Det er koseleg å dela, seier Solfrid Hovland, styremedlem i hagelaget.

Publisert Sist oppdatert

Det var mange til stades då Sveio bibliotek opna dørene sine for ei heilt spesiell hending. Saman med Sveio Hagelag skulle dei innvia eit nytt samarbeid, nemleg eit frøbibliotek.

For sveibuar med kjærleik for både natur og litteratur, så vert heretter turen til biblioteket enno betre. Solfrid Hovland er styremedlem i hagelaget som donerte frøa som no kan lånast. Ho var nøgd med opninga.

— Eg synest det vart veldig ok. Folk tok med seg frø, spirer og avleggarar. Eg hadde sjølv med meg spirer til blodbeger, seier Hovland.

Slik fungerer eit frøbibliotek

Hagelaget sin plan for kvelden vart ikkje slik som planlagd. Eigentleg hadde dei tenkt å ha ein foredragshaldar, men i ettertid er ho glad det ikkje vart slik.

— Det vart meir som ein samtale mellom oss og publikum, avslappa og fint. Me hadde med oss folk som hadde peiling på dyrking også, seier Hovland.

— Du er nøgd?

— Ja, folk vart verande lenge og småprata om kva dei skal dyrka, så og korleis dei skal gjera det.

— Korleis fungerer eit frøbibliotek?

— Du kan ta med deg frøa du ynskjer å prøva, og så leverer du frø tilbake att til hausten. Mogelegvis dei same eller noko anna. Det er ikkje som med bøker, så du treng ikkje å levera det same, humrar Hovland.

Ho understrekar at det ikkje er krav om å levera tilbake frø, så om dyrkinga vert mislukka går det heilt fint.

Rosar biblioteket

Kvelden vart opna med at den første leiaren av hagelaget, Annlaug Fludal, sa nokre ord.

— Eg var med å stifta hagelaget i 1990, seier Fludal.

Etter kvart inviterte ho Anitha Ramsdal frå Sveio bibliotek og Hovland opp på scena.
Fludal gav ros til dei tilsette ved biblioteket på vegne av hagelaget, noko Hovland gjentok.

— Det er veldig positivt av dei, og kjekt å ha nokon å samarbeida med. Det er jo dei som kjem til å driva arbeidet med utlån. Me har stilt opp med frø og liknande, men dei gjer det daglege, seier Hovland.

Deltakande publikum

Hovland tok fram ein liten boks med noko ho hadde dyrka, og fortalte kor gjevande det var å halda på med. Det var ei i publikum samd i.

— Å dyrka ting er ei kjempefin oppleving, særleg for barn. Det er noko eg kan sjå i kvardagen min, seier Kristin Robberstad.

Ho er tilsett i Bua Kultur- og Friluftsbarnehage, og fortel kor mykje barn kosar seg med slikt.

— Eg synest det er så kjekt å så planter, både av eige interesse og spesielt i barnehagen. Det er så kjekt med blomar, seier Robberstad.

Undervegs vart fleire spørsmål stilt. Hovland inviterte opp Anne Grutle for å snakka om jordsmonn, kvalitet og frø.
På første rad kunne ein sjå noko som låg i ein krybbe, og som hadde spira for ein kort stund sidan. Det var vesle Aurora Bergmål (2 månadar) og mamma Benedicte.

I tida

Forutan at frøbiblioteket er eit fint tilbod til sveibuar, kjem Hovland med nokre tankar om kvifor det er aktuelt.

— Det er ikkje nødvendig å springa og kjøpa frø. Det er i tida når ein snakkar om såkalla delingsøkonomi, seier ho.

Sjølv fortel ho at det ofte vert så mykje frø til hausten at ein må ta eit val, å hiva eller å dela. Difor er det godt at noko kan kome sambygdingar til gode.

— Kva skal du dyrka i år?

— Raudbeter, rosenkål, grønkål, poteter, kvitlauk og jordbær. Eg har drive med hage i mange år og hatt forskjellege interesser, men no går det meir og meir i grønsaker og bær. Rosetrea vert spadd opp og eg dyrkar mat der i staden for. Det er jo i tida, seier ho.

— Har du ei favorittgrønsak eller -bær?

— Nei, eg likar alt, trur eg at eg kan seia. Men det er alltid kjekt når noko blir veldig vellukka. Det er fantastisk å spa opp poteter. Då er du kongen på haugen. Det er veldig tilfredsstillande, seier Hovland.

Powered by Labrador CMS