nyhende
Opna etterlengta nybygg i Sveio
Dei psykisk utviklingshemma i Sveio fekk denne veka ta i bruk det nye Aktivitetshuset sitt.
Fram til no har aktivitetstilbodet til psykisk utviklingshemma sveibuar og deira assistentar i hovudsak vore knytt til bustadane sine. Men måndag fekk den eine av brukarane, Andreas Eileraas, den ærefulle oppgåve med å klippe over snora, og dermed markere at huset både er opna og teke i bruk.
Sanserom og sansehage
Bygget, som er reist like ved Sveio brannstasjon i Leitevegen, er 540 kvadratmeter stort og har kosta om lag 25 millionar kroner. Det består mellom anna av fellesareal med kjøkken, kontor, eit sanserom og garasje med verkstad. Godkjente garderobar for dei tilsette er naturlegvis også på plass. På taket er det montert solceller som skal kunne levere inntil 33.000 kilowatt straum i året.
Bygget er også fylt med tekniske hjelpemidlar, til dømes ein stolheis som syt for at dei tilsette enkelt kan flytte brukarar til dømes frå garderobe og inn på dei forskjellige romma.
Bygget er utforma slik at det kan delast i to avdelingar, slik at utegruppa og innegruppa kan vere uforstyrra i kvar si avdeling. Utegruppa består mellom anna av dei som utfører enkelt vedlikehald av Sveio golfpark, som ligg berre nokre få hundre meter unna nybygget.
Bygget har fått eit flott uteområde med god plass til å nyte godvêret når sola skin. Ein eigen sansehage er også på plass.
— Tanken er at brukarar som sit i rullestol skal kunne plukke bær frå buskane når dei er ute, fortel prosjektleiar Per Riise.
Han tok over prosjektleiar-ansvaret då dei byrja bygginga av sjølve bygget, medan Tore Johan Enerstvedt leia jobben med grunnarbeidet på tomta kor det mellom anna er sprengt vekk ein god del berg.
Krigen forseinka opninga
Det var 8. juni i fjor tok ordførar Linn Therese Erve (Ap) det første spadetaket for Aktivitetshuset, og 15 månader seinare kunne det altså endeleg opnast. Det er tre månadar seinare enn planlagd.
Forseinkinga skuldast krigen i Ukraina, som braut i februar og har medført forseinking i leveransar av komponentar til ventilasjonsanlegget i bygget. No er ei midlertidig løysing på plass.
— Bygget er fullt funksjonelt, understreka prosjektleiar Per Riise under opninga måndag.
Det er Omega Areal AS som har teikna, medan Bømlo-firmaet Steinsbøhus har hatt hovudentreprisen.
Ordførar Linn Therese Erve var til stades også under opninga, og sa i sin tale at ho var glad for at det flotte bygget no kunne takst i bruk, og vere med på å leggje til rette for at brukarane og dei tilsette som jobbar med dei kan få eit godt fellesskap og miljø.
— For kommunen sin del har dette vore eit viktig prosjekt, slo ho hast.
— Ein super plass
I staden for blomar hadde ho tatt med seg ringspel og boksekast i gåve til brukarane, og som ho håpar dei kan få meir glede av enn nytta ein blomebukett villa ha gjort.
Einingsleiar for habilitering i Sveio kommune, Evy Kjellevold, er glad for at bygget endeleg kan takast i bruk. Det 3-4 år etter at det vart gitt politisk klarsignal for å gå i gang med arbeidet med å få på plass eit eiga aktivitetssenter for psykisk utviklingshemma i kommunen.
— Me trur dette blir ein super plass for brukarane og like super for personalet som får ein felles arena å vere i lag på på dagtid, sa ho.