nyhende
– Openbart at sikringstiltaka ikkje var gode nok
Last Haugesund sitt næringsbygg og rundt 15 køyretøy ute på plassen, blei skada som følgje av massiv steinsprut etter sprengingsuhellet på Ekene tidlegare denne månaden.
Ansvarlege for sprengingsuhellet, Vassbakk & Stol, vedgår at når salva går av med så omfattande sprut, er det openbart at sikringstiltaka ikkje var gode nok. Verksemda har sett av ressursar til gransking, men er ikkje ferdige med rapporten ennå.
– Det er rutine hos oss å granska ulukker som dette når dei inntreff. Fokuset vårt er å finna dei bakanforliggande årsakane og spreia læring i organisasjonen for å unngå at noko tilsvarande skjer i framtida. Me har kome langt i granskinga, men endeleg rapport er ikkje ferdigstilt, opplyser HMS-ansvarleg i Vassbakk & Stol, Aslaug Jakobsen.
Fleire årsaker til ulukka
– Kan var den viktigaste årsaka til uhellet?
– Fagfolka våre er ikkje heilt ferdige med alle vurderingane. I tillegg er ulukka under etterforsking av politiet og blir også følgd opp av Arbeidstilsynet som vil gjennomføra eit tilsyn. Me ønskjer difor ikkje å gå ut med detaljar frå granskinga. Det me likevel kan sei er at me nok ser fleire bakanforliggande årsakar til ulukka. Dette gjeld sprengingstekniske forhold og dei vurderingane som er gjort i høve til boring, sprengstoff og sprut.
– Var området forsvarleg sikra?
– I henhold til våre sprengingsplanar og risikovurderingar skal me alltid vurdera sikringstiltak. Det blei også gjort i dette tilfellet, men når salva går av med så omfattande sprut som resultat er det openbart at sikringstiltaka ikkje var gode nok, seier Jakobsen.
I følgje HMS-ansvarleg er det alltid strenge tiltak i høve til risikovurderingar framfor kvar sprenging. Spesielt viktig er vurdering av sprengingstekniske forhold og sikring. Det er også ei eiga forskrift for bergsprenging som må følgjast, samt interne prosedyrar for risikovurderingar og tiltak.
Ifølge Jakobsen har Vassbakk & Stol gjennomført to sprengingar på Ekrene i 2020, og to i 2021.
Politiet undersøker saka
Politiet har oppretta sak etter sprengingsuhellet. Det er teke ein del avhøyr og det er sikra dokumentasjon på staden.
– Saka blir etterforska, men me ikkje er i mål enda. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) er kopla på, og det vil ta noko tid før me kan koma fram til ein konklusjon i denne saka, opplyser avsnittsleiar Laila Eike ved Haugesund politistasjon.
Kunne gått frykteleg galt
Kjell Kristian Saltvedt, dagleg leiar Last Haugesund, fortel at sprengingsulukka medførte store skader både på bygg og køyretøy.
– På bygget blei rundt 15 glasruter knuste, ein del dører/portar skiftast ut heilt eller delvis, og det er blei mange hol i taket. I tillegg er det registrert 32 ting på ulike køyretøy som er øydelagt. 11 tilsette ved Last Haugesund var på jobb då det skjedde, heldigvis blei ingen alvorleg skada, opplyser Saltvedt. Sjølv fekk han ein stein på foten, men det har gått bra.
Last Haugesund sitt 1000 kvadratmeter store bygg stod ferdig i 2017, og kosta rundt 14 millionar kroner. Tomta er på 15 mål.
Blant dei prioriterte oppgåvene etter ulukka var å tetta hola i taket over kontorfløyen.
– Uhell kan skje. Eg vil gi ros til Vassbakk & Stol sine folk som har vore svært flinke til å rydda opp etter seg, seier Kjell Kristian Saltvedt til Vestavind.