nyhende

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Ope for fritidsaktivitetar frå måndag – med desse oppmodingane

Publisert Sist oppdatert

Frå måndag vil «berre» nasjonale tiltak gjelda i Sveio, men skulane er inntil vidare på raudt nivå, i alle fall fram til 18. april.

Rådmenn og kommunedirektør i Sveio, Tysvær, Haugesund og Karmøy kommune, oppmodar om at aktivitetar for barn og unge under 20 år ikkje blir gjennomførte med fleire enn 10 deltakarar, og med 1-2 vaksne til stades. Avgrensinga gjeld aktivitetar ute og inne.

– Det kan sjåast bort frå oppmodinga om å halda avstand når det er nødvendig for å driva aktiviteten. Kampar, cupar, stemne og liknande må framleis utsetjast, står det i meldinga.

Anbefalingane gjeld så lenge skulane er på raudt nivå.

Powered by Labrador CMS