nyhende
Ønskjer velkomen til Valestranddagen
Kommande laurdag lagar lokale krefter til ein innhaldsrik dag i Valevåg.
Det er Valestrand Bygdalag som står som arrangør for dagen, og leiar Anne Lise Økland vil ønskja alle hjarteleg velkomne til å ta del i dei ulike tilstellingane, som går føre seg på ulike stader i bygda.
– Det blir kjekke aktivitetar for store og små. I år er dagen tredelt, for å prøva å få til ulike samlingsarenaer og tilbod til folk, seier Økland.
Familiekos
Dagen startar utanfor butikken i Valevåg, der det blir fokus på familiar. Det vil bli ulike aktivitetar på området, som kanopadling, SUP-brett i regi av idrettslaget, og villmarksstasjon med spikking med 4H-klubben. Ein gravemaskin vil også bli utstilt, det var ein liten attraksjon i seg sjølv sist gong liknande blei arrangert.
Elles vil det bli sal av forskjellig å bita i, som grillmat, kaffi og noko attåt, lokal Strand-burger og lubbesild frå Sveio kystlag, som også stiller ut gamle motorar.
Hesteridning, dyresone med ulike gardsdyr, samt hundar vil også bli å sjå, og det vil vera ulike aktivitetar for dei minste å vera med på.
Det vil også vera ulike salsboder, der ein kan kjøpa bruksting og mat – eller kanskje det freistar med eit av dei prosjekterte husene i bygda?
Kyrkjekonsert
Familiearrangementet blir avløyst av konsert med folkrockgruppa Kjerefolk i Valestrand kulturkyrkje. Egil Haugland, opphavleg frå Valestrand er mellom anna med i denne gruppa, som byr på britisk folkemusikk. Kjersti Berge, Lasse Berntzen, Rolf Skogstrand og Inge Glambek er øvrige medlemmer i bandet.
– Her er det få plassar att, vil du sikra deg billett, må du vera rask, tipsar bygdalaget.
Midtsommarfest
Om kvelden går programmet vidare ved butikken, då er det midtsommarfest med fleire band og artistar i sving.
– Det blir sommarstemning og fleire partytelt å sitja i, blir det lova i pressemeldinga frå bygdalaget.
Dei lokale aktørane Anette Storstein, West Side Blues og Nappen B&R vil sørgja for god stemning.