nyhende

Artist Daniel Kvammen er med Nynorsk Kultursentrum, Norsk Målungdom og Framtida.no i jakta på unge nynorsktalent som kjem til å prega offentlegheita i åra framover. Pressefoto
Artist Daniel Kvammen er med Nynorsk Kultursentrum, Norsk Målungdom og Framtida.no i jakta på unge nynorsktalent som kjem til å prega offentlegheita i åra framover. Pressefoto

Ønskjer tips om unge nynorsktalent under 26 år

Nynorsk kultursentrum, Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida.no skal kåra dei viktigaste nynorsktalenta du må følgja med på framover. Fram til 20. desember kan du nominera kandidatar.

Publisert Sist oppdatert

– Det dukkar stadig opp unge talent, i både dal og by, som brukar språket på ein sterk og innovativ måte. Det vera seg i musikk, idrett, politikk eller litteratur. Me ønskjer derfor å bruka denne kåringa til å visa at nynorsken ikkje berre er til for gretne, gamle skrotnissar, som sitt aleine på fjelltoppar, les tung litteratur, og hyttar med neven mot alt som er nytt. Det handlar om ungt blod, nye tankar og sterk gnist, seier Daniel Kvammen i ei pressemelding.

Den prisvinnande musikaren frå Geilo leier juryen som skal kåra dei fremste unge nynorsktalenta å følgja med på framover.

– Det er ei kåring som er til for å skapa merksemd rundt Noregs vakraste språk, understrekar han.

– Både skjulte og kjende talent

Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har fått med seg Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida.no. Personane må vera 26 år eller yngre og på ein eller anna måte markera seg med nynorsk i offentlegheita.

– Norsk Målungdom samlar ungdommar som brenn for nynorsken, men som for ofte møter motstand mot språket sitt. No håpar eg at denne kåringa kan bidra til at det blir lettare å vera ung nynorskbrukar i framtida, gjennom å visa at dette er eit språk for alle, seier Gunnhild Skjold.

Kven meiner du fortener tittelen «nynorsktalent»? Send inn ditt tips til Framtida på e-post eller Instagram, innan søndag 20. desember 2020.

Powered by Labrador CMS