nyhende
Ønskjer plass til motorsport
Robert Bauge er denne vekas «Hei, sveibu».
– Til dagleg jobbar eg på Meny i Aksdal. I tillegg til dette er eg også pilot og jobbar med å ta turistar og andre som vil, på turar i sjøfly.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det må nok vera den fine plasseringa. Her ute er det fint og roleg. Kommunen ligg i trygge omgjevnader.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg saknar ein plass der både unge og eldre guter kan samlast og driva på med motorsport så mykje dei vil i trygge rammer, i staden for at dei gjera det andre stader.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det må vera det eine året i barndommen då det var svært mykje mykje snø, og den snøen låg lenge før han forsvann igjen.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Generelt vil eg framsnakka alle politikarane som står på for at me skal få det best mogeleg i kommunen vår. Særleg vil eg framsnakka Jarle Jacobsen, for alt det han engasjerer seg i og at han står på for dei sakene han brenn for.