nyhende
Mange endringsforslag, ingen debatt i formannskapet:
Ønskjer meir pengar til skulane
Alle vil løyva meir pengar til skuledrift enn det rådmannen har foreslått, men i ulik grad. Måndag var rådmannen sitt budsjettforslag tema i formannskapet. Partigruppene presenterte sine endringsforslag utan etterfølgande debatt.
Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og dei to uhavhengige representantane la fram eit fellesforslag som inneber ei styrking av skulebudsjettet med ein million kroner.
Forslagsstillarane ber samstundes rådmannen sjå på ei optimal ressursutnytting og ha som mål at kvar einskild elev i skulen får mest mulig lik lærartettleik uavhengig av geografi.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) forlarar dette overfor Vestavind ved å visa til rådmannen sitt budsjettforslag. Der går det fram at lærartettleiken er større ved dei små skulane enn elles i kommunen. Ho signaliserer dermed at posisjonspartia ønskjer å utjamna denne ulikskapen.
Ordføraren legg elles vekt på at fleirtalskoalisjonen som ho representerer, legg vekt på forsvarleg drift og gode tenester til innbyggarane.
Overraska
Høgre, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer å auka skulebudsjettet med 2,6 millionar kroner.
Etter formannskapsmøtet seier Lars Einar Hollund (H) at han er overraska over at Ap, Frp og dei uavhengige ikkje vil strekka seg lenger.
Budsjettopplegget frå den nye regjeringa inneber at Sveio får 1,9 millionar kroner ekstra nettopp på grunn av den skulestrukturen me har. Sjølv om det er frie midlar, undrar det meg at fleirtalskoalisjonen ikkje vil bruka heile den ekstra tildelinga til skuleformål.
Hollund seier vidare at fleirtalet sitt forslag ber preg av svært mange bestillingar til rådmannen.
Også når det gjeld investeringar i skulen skil dei to blokkene lag. Ap, Frp og dei uavhengige vil bruka 500.000 kroner på uteområdet ved Førde skule og kartleggja lyssetting av uteområda ved alle skulane. Dei vil dessutan bruka 250.000 kroner ekstra til trafikksikringstiltak.
H, KrF, Sp, SV og MDG vil, på si side, bruka 400.000 kroner til eit forprosjekt for å utgreia opprusting og eventuelt nybygg ved Valestrand oppvekstsenter. Og dei vil gjerne kobla dette til Fartein Valen på eitt eller anna vis. Ap, Frp og dei uavhengige ber, på si side, rådmannen laga ein realistisk plan for å styrka Fartein Valen-arbeidet, men utan å nemna oppvekstsenteret i denne samanhengen.
Helsestasjon for eldre
Ein nyskaping i Ap, Frp og dei uavhengige sitt budsjettforslag er helsestasjon for eldre. Dei foreslår å bruka 350.000 kroner til dette neste år. Ein helsestasjon for eldre skal avlasta legesenter og heimeteneste. Aktuelle oppgåver kan vera sårbehandling, prøvetaking og liknande. Ved rett organisering kan dette gi Helfo-refusjon. Her ligg eit inntekts- og sparingspotensiale, heiter det i forslaget.
Fleirtalskoalisjonen ber rådmannen greia ut fysioterapibehovet i Sveio, og vil oppretthalda tilbodet om bruk av varmtvassbasseng ved revmatismesjukehuset i Haugesund.
Begge blokkene nemner den kommunale kaien i Førde. Ap, Frp og dei uavhengige ber rådmannen arbeida for at Karmsund havn skal påta seg kostnadene med å rusta opp denne kaien til forsvarleg stand.
Det som elles er viktig for oss er at kommuneplanen skal vera ferdigstilt tidleg i 2023 og at sentrumsplanen skal vera ferdigstilt i løpet av 2022, seier ordføraren til Vestavind.
Opposisjonspartia sitt budsjettforslag, som blei presentert i Vestavind sist veke, inneber mellom anna også fire millionar i 2022 og seks millionar i 2023 til framføring av straum, vatn og kloakk til industriområdet på Haukås. Dei vil dessutan gjera ein ny framstrøyt for å få det nye fengselet på Haugalandet langt til Sveio. Fengselet vil representera ca. 100 arbeidsplassar innanfor fleire fagområde.
Høgre, Sp, KrF, SV og MDG vil behalda dagens sats for eigedomsskatt også neste år for å finansiera sine forslag, noko fleirtalet i formannskapet ikkje var einig i.
Ingen debatt
Under avstemminga i formannskapet fekk Ap, Frp og dei uavhengige sitt budsjettforslag fire stemmer, H, KrF, Sp, SV og MDG sitt forslag fekk tre stemmer. Avstemminga blei gjennomført utan debatt og utan noko forsøk på å finna fram til felles løysingar.
Før var det ikkje vanleg i Sveio at partia kom med sine endringsforslag før i kommunestyret. Sidan eg blei ordførar har det vore vanleg å presentera forslaga i formannskapet, men utan debatt. Men det kan godt henda at me snakkar saman i perioden fram til kommunestyremøtet 13. desember og prøver å finna fram til felles løysingar på nokre punkt, seier ordførar Linn Therese Erve.
– Vil de ta initiativ til slike samtalar eller ta imot ein invitasjon frå den andre blokka?
– Eg oppfordrar partigruppene til å snakka saman i perioden fram til kommunestyremøtet. Me er alltid opne for samtale, seier Erve.
Lars Einar Hollund meiner fleirtalsforslaget er interessant på fleire punkt.
– Eg har allereie sendt ein invitasjon til den andre blokka om budsjettsamtalar og er spent på kva dei vil svara på det, seier han.