nyhende

Ønskjer ikkje ny debatt om skulestruktur

Skule og helse, samferdsel og bygdeutvikling dominerte paneldebatten i Gullsjøhuset i Buavåg torsdag kveld. Debattleiar Dagfinn Bjørge minna mellom anna ordførarkandidatane om «brølet frå bygda» – skuledebatten som engasjerte innbyggjarane meir enn noko anna sak i løpet av den siste fireårsperioden. Kor står partia nå i forhold til det vedtaket som blei gjort, ville debattleiaren vita.

Publisert Sist oppdatert

– Me vil ikkje bli kalla omkamp-partiet. Eg har stor respekt for det vedtaket som blei
gjort og står på det, sa Asle G. Halleraker (Tverrpolitisk Fellesliste).

Skuledebatten enda som kjent med eit samrøystes vedtak om å oppretthalda Auklandshamn og Valestrand skular. Men kommunestyret vedtok også, med 13 mot 12 stemmer, at saka må vurderast på nytt dersom elevtalet ved dei to skulane blir liggjande under 40 over to år.

– Rådmannen vil difor vera forplikta til å leggja fram ei ny sak dersom så skulle skje, sa
Halleraker.

Han la til at han håpar elevtalet ikkje går nedover, og at han ikkje ønskjer ein ny, heftig skuledebatt. Samstundes sa Halleraker at han er svært opptatt av kvalitet i undervisninga, og at det ikkje vil vera rett å oppretthalda skulane dersom det går ut over elevane.

Går på privatskular i Haugesund

Halleraker kasta også inn eit anna tema i skuledebatten.

– På siste møte i hovudutval for oppvekst og kultur blei me presenterte for tal som viser
at 20-30 sveioelever går på ulike privatskular i Haugesund, Danielsen ungdomsskole, Haugesund Toppidrettsgymnas og Steinerskolen. Me må arbeida for at kvaliteten på skulane våre i Sveio blir så god at det ikkje lenger blir interessant å senda elevar til Haugesund, sa han mellom anna.

Til dette repliserte André Mundal Haukås (H) at dette truleg ikkje handlar om kvalitet, og at ein må ha respekt for dei som føretrekkjer private skular på grunn av livssyn eller andre årsaker. Haukås sa også at partiet hans går til val på å behalda dagens skulestruktur.

Det same sa Linn Therese Erve (Ap), Monica Vandaskog Valen (Sp), Ruth Vihovde Strand (V) og Jarle Jacobsen (KrF) på vegne av sine parti. Kjartan Moe Hustvedt (MDG) vil også behalda skulestrukturen, og utfordra til nytenking skulane i mellom for å utnytta ressursane betre.

– Me står på det kommunestyrevedtaket som er gjort, og ingen er tente med ein ny
skuledebatt. Eg trur me må ha is i magen og sjå utviklinga an over nokre år, sa Ruth G. Ø. Eriksen (Frp).

Også Linn Therese Erve (Ap) håpar alle utviklingsplanane  for heile Sveio skal hindra folketalsnedgang og dermed grunnlag for ein ny skuledebatt.

Skuleskyss

I tilknyting til temaet skule kom det også opp spørsmål om skuleskyss, først gjennom eit innspel frå salen. Det blei vist til at elevar frå Bua-krinsen må sitja opp til 40 minuttar på bussen kvar veg fordi bussen frå lengst sør i krinsen først kjører til Tjernagel og deretter tilbake til Sveio.

– Elevane brukar dermed opp til fem og eit halvt døgn på skulebuss i løpet av eit år. Hadde det ikkje vore mogleg å korta ned denne tida ved å leggja opp til byte på Bua når bussen kjem frå Tjernagel? lydde spørsmålet frå salen.

Det kom fram i debatten at det er liknande forhold andre stader i kommunen. Her var Haukås og Jacobsen først ute med svara som dei andre kandidatane også slutta seg til. Nemleg at det er fylkeskommunen gjennom Skyss som legg opp skulerutene.

Her lova politikarane frå fleire parti å ta saka opp med Skyss og argumentera så sterkt dei kan for betre opplegg. Betre kollektivtilbod er elles noko dei fleste partia vil arbeida for i komande fireårsperiode. Dette har også samanheng med ønsket om å gjera det meir attraktivt å bu i bygdene.

Paneldebatten i Gullsjøhuset i Buavåg blei leia av Dagfinn Bjørge (t.h.), sjølv avtroppande kommunestyrerepresentant for Senterpartiet. Her saman med Ruth G. Ø. Eriksen (Frp), André Mundal Haukås (H), Ruth Vihovde Strand (V), Olav Olsen (SV) og Jarle Jacobsen (KrF).

Kommunale vegar

Då debatten dreia over på samferdsel blei det mellom anna retta søkelys mot det kommunale vegnettet, ikkje berre riks- og fylkesvegar. Frå salen kunne vegoppsynsmann, kommunestyrerepresentant  og listekandidat for Tverrpolitisk fellesliste, John Anders Semb, fortelja at kommunen mellom anna har 11 mil med grusvegar å vedlikehalda, i tillegg til eit omfattande vegnett elles både i bygder og byggefelt. Samstundes er talet på tilsette til å vedlikehalda desse vegane redusert, kunne Semb fortelja.

– Standarden på dei kommunale vegane er mellom anna til hinder for næringsutviklinga, kommenterte Høgre-representanten Haukås. Han viste mellom anna til at bønder har problem med å få fram driftsmidlar og levering av produkt.

– Dette gjeld blant anna tømmertransport, supplerte Jacobsen (KrF).

Eriksen (Frp) tok til orde for ein vedlikehaldsplan, noko kommunen ikkje har i dag.

Fv. 541 og E39

Det var brei semje blant politikarane om å prioritera Tjernagelvegen, der kommunen må ta ansvar for at planarbeidet har tatt lang tid.

– Men det blir også ein kamp om pengar frå fylkeskommunen, sa Eriksen, som dessutan
peika Gullvegen forbi Vikse skule som endå ei utfordring.

– Med auka trafikk av betongbilar frå Ølen Betong sitt anlegg i Mølstrevåg blir det nødvendig med tiltak for å skjerma mjuke trafikkantar, sa Eriksen.

Panelet gjentok kjende standpunkt når det gjeld ny, firefelts E39 gjennom Sveio. Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre seier ja utan atterhald, Senterpartiet og Venstre seier ja, men vil ha vegen i tunnel der dette er nødvendig for å spara natur og matjord. Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne er imot, og vil heller opprusta dagens E39.

Jacobsen (KrF) sa det slik:

– Denne vegen blir ikkje bygt primært for Sveio, og avgjerda om bygging blir heller ikkje tatt her. Me må bruka sjansen me har til å påverka trasévalet slik at det blir best mogleg.

Haukås la til at det er om å gjera å få til ein rask prosess, sidan store område blir bandlagde i planperioden.

To av dei elleve listene som stiller til val i Sveio, var ikkje representerte under debatten i Buavåg. Det var Liberalistene og Industri- og næringsparitet (INP). INP har ikkje deltatt på nokon av dei fire paneldebattane som har vore gjennomførte før kommunevalet nå i haust.

Meir frå debatten:

Powered by Labrador CMS