nyhende

40-sona i Sveiogata går over til 30-sone på Leitevegen.
40-sona i Sveiogata går over til 30-sone på Leitevegen.

Ønskjer fartsdump i Leitevegen

Publisert Sist oppdatert

Ein bebuar i Leitevegen i Sveio sentrum ønskjer trafikksikringstiltak i starten av vegen. Av eit brev adressert til Sveio kommune går det fram at fleire husstandar har utkøyrsel midt i den første svingen, dermed er det lite oversiktleg for køyretøy som kjem frå Sveiogata. Det blir vist til at bilar held høg fart, og at det er mykje trafikk på strekket.

Me høyrer med Frederik Aalo Flood, einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga kva dei vil gjera gjera med førespurnaden.

– Me vil nok bruka litt tid på å vurdera om det skal leggjast ny fartsdump i Leitevegen, og kor den skal plasserast, i tilfelle, eventuelt om det kan finnast andre trafikksikringstiltak som kan vera aktuelle, seier Flood.

Det finst ikkje gode data på trafikktal og fartsnivå i Leitevegen, då kommunen ikkje utfører trafikkmålingar på sine vegar.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-827', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.361941113518583, 59.54546807016871], // starting position [lng, lat] zoom: 16 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.3629897079378, 59.54567367358766]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })
Powered by Labrador CMS